Gratulerer med boka, Gunnhild

Share

Gunhild Espetveit har samla tekstar ho har hatt på trykk i Setesdølen under vignetten **Diakoni i Setesdal** i ei bok som ho har gjeve ut på Setesdalsforlaget.

Dei av oss som held Setesdølen, har nok som oftast lese stykka hennar, men det kan vere godt å få dei samla, så eg vil skaffe meg boka som no har kome.

Tysdag hadde Sigurd Haugsgjerd eit intervju med henne i Setesdølen. Det vart ei heil side under tittelen **Me skulle bli flinkare til å oppmuntre kvarandre.** Gunhild seier det ho meiner, og ho snakkar ofte utan filter. Om Haugsgjerd har filtrert bort noko, er det nok att som kan gje ettertanke og ransaking: Er det slik?

Boka er fødd i smerte, heiter det i ei mellomoverskrift i artikkelen. Det kan vere god terapi å skrive seg ut av problem. -Dessutan snakkar eg så fort at eg gjerne formulerer meg betre skriftleg. 56 artiklar formulert over ein periode frå hausten 1999 til våren 2005.

Eit poeng med stykka er at Gunhild har funne eit stev til kvart stykke. Dei har eg gledd meg over når eg har lese tekstane i avisa. Stev er ei strålande diktform, kort og fyndig. Når eit stev er polert, kan det fortelje mykje.

Eg har invitert Gunhild til å kome i radioen og presentere boka. Ho har lova å tenkje på det, så eg vonar at ho tek turen innom ein kveld før jol.

Gratulerer med boka, Gunhild!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *