Hylestad skule

Share

Hylestad skule er barneskule for Rysstad. Omtale av skulen på kommunen sine heimesider finn du her:
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_skule.htm

Astrid Opdahl Knutsen er rektor, og onsdag kveld var det hennar tur til å kome i Valle radio sitt program Kommunen informerer.

Astrid ringte meg på måndag for å førebu seg, ho sa at ho trudde ikkje ho hadde så mykje å snakke om, det meste ho visste, var kjent frå før. Men tysdag kom Setesdølen, og der var det ei heil side med stoff frå Hylestad skule. Den var laga av 6. klasse på skulen i samarbeid med læraren deira, Knut Brokke. Astrid fortalde at det er eit prosjekt Setesdølen inviterer skulane til å vere med på, og det går rett inn i det faglege arbeidet for dei å arbeide med dette. Sjå
http://www.setesdolen.no/ Du finn ikkje sida frå Hylestad skule her, Setesdølen legg bare ut framsida av avisa på nettet.

Desse elevane hadde laga sida: Svein Håvard Helle, Knut Helge Bratteland, Knut Haatveit Hovet, Kristin Elisabeth Helle og Grethe Bjørgum. Her hadde dei ein samleartikkel om skulen der dei skriv om uteområdet, dagleg trim, ombygging, nye datamaskinar, miljøprisen, fadderordninga og elevrådet. I samtalen mellom Astrid og meg var vi innom mange av dei same punkta.

Astrid fortalde at ho lurte på om det kom til å vere noko att å fortelje om i radioen etter at dei hadde skrive om skulen, men eg meinte at ho hadde gjeve det beste opplegget for programmet gjennom å gje lyttarane høve til å finne fram avisa og lese om det vi snakka om.

Uteområdet til skulen er blitt svært bra, og no når bilane er kome lenger bort frå sjølve skuleplassen, fungerer det godt å få til oppstilling før dei skal gå på bussen. Leikeområdet kan ein nesten seie er unikt med gode variasjonar både sommar og vinter. Skulen har eit kvarter trim kvar dag klokka kvart på ti. Då går både lærarar og elevar til Sylvartun eller til krysset der vegen går til Hovet og Bjørgum og tilbake til skulen. Anten veret er godt eller mindre godt, dei går i all slags ver.

Ombygginga ved skulen har vore vellukka på alle måtar. Siste delen er ferdig og arbeidsrom til personalet er no fullført med gode arbeidsplassar til alle lærarane så vel som til rektor. Kopiering og skulemateriell er no samla slik at det er lett å finne.

Kvar månad deler skulen ut miljøpris til den klassen som er best når det gjeld miljø, både fysisk og psykisk. Dei får vurdering av reinhaldar Randi Uppstad når det gjeld reinhald i klasseromet, og av lærar i samarbeid med klassen når det gjeld miljøet mellom elevane. Skulen har og etablert ei fadderordning der elevane i 6. klasse hjelper elevane i fyrste klasse.

Meir enn dette nådde vi nesten ikkje. På sidene i Setesdølen står det og at skulen var med i Regnsjekken som NRK organiserte i Ekstremvêrveka, veke 39. Det fekk vi ikkje tid til å ta opp, men Astrid hadde funne musikk der dei rappa tre-gangen, og saman undrast vi på kvifor ein ikkje hadde gjort noko liknande då vi gjekk på skulen. Ved å setje musikk til gangetabellen gjekk det mykje lettare å lære den.

Dette førde oss inn på Kunnskapsløftet, som er namnet på den nye læreplanen som vart innført i haust. Det er store utfordringar med nye planar, dei skal både lærast av lærarane og impelementerast på skulen. Astrid fortalde at den nye planen har vekt på læringsmål, ikkje lærestoff. I alle fag er det fem grunnleggjande dugleikar som går att: Munnleg, skriftleg, lesing, rekning og digitale verktøy. Alle kommunane i Setesdalsregionen har gått saman om å gå gjennom fagplanane og gje dei meir kjøt på beina, slik at ikkje alle må finne opp krutet på nytt.

Astrid minna meg og om at eg hadde laga eit intervju med henne for eit halvt år sidan og at vi då hadde snakka om at dei skulle på studietur til Telemark for å lære om Læringsstrategiar. Det hadde vore ein vellukka tur og dei var svært oppglødde for dette etter turen. Eksemplet med matematikk og musikk syner at ein kan lære på mange måtar, og ved å ta i bruk kunnskapen om dette, kan ein hjelpe elevane til betre læring.

Til slutt fortalde ho om Prosjekt Livredning, som er eit tilbod til alle i 7. klasse frå Norsk Luftambulanse. Alle elevane har fått ei mini Anne-dokke. Den skal dei bruke til å lære opp flest mogleg heime i livredning. Ho oppmoda alle til å ta vel imot elevane når dei kjem heim med dette og fortalde at resultatet skal registrerast og nyttast i forskning. Målet er at 60.000 skal lære livredning gjennom dette systemet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *