Kontakt med lydarane

Share

Ein og annan gong får vi vite at det er nokon som høyrer på oss på Internett. Som oftast skjer det i samband med Open sending, då kan det vere folk som ringjer til oss frå Arendal, Kristiansand eller Sirdal, for å nemne nokre stader der vi ikkje har dekning på sendarnettet vårt.

I går kveld under sendinga fekk eg ein telefon frå Henrik. Eg hugsar ikkje kva stad han sa han ringte frå, han sa heller ikkje om han hadde tilknytning til Valle. Men han fortalde at han likte godt å prøve å få inn radiokanalar på Internett, men at han strevde litt med å få inn Valle radio.

Vi prata litt saman, og eg sa at eg skulle gje melding til vår tekniske sjef om at sendinga ikkje gjekk ut på Internett. Så kunne han prøve igjen å høyre på oss frå 18.00 i dag. Det var han nøgd med, så vi avslutta.

Tydelegevis må Henrik har prøvd litt meir etterpå, for 20 minutt seinare kom det ein ny telefon: -No har eg fått det til, no høyrer eg dykk, no er det orgelmusikk, sa han. Det var rett, klokka var mellom 20.30 og 21.00, og Niklos var i studio.

Om andre fekk oss inn, veit eg ikkje. Systemet vårt er slik at vi ikkje kan finne ut om nokon høyrer på oss på Internett. Men gjev gjerne lyd frå deg om du høyrer på Internett. Det er alltid hyggeleg å ha kontakt med lydarane.

I gårsdagens **På kyrkjebakken** fortalde eg om utstillinga som Valle Vev skal ha laurdag 25. november. Det var annonse om dette i Setesdølen i går. Så kopla eg det saman med Jolemessa på Rysstad og sa at Karin Bøe er tøff som inviterer til Ope hus same dagen som jolemessa. Så begynte telefonen å ringe, og Niklos sprang og tok han, ettersom eg var på lufta. Då var det Karin som fortalde at det skulle vere 25. november hos Valle vev, ikkje 18. november, som er dato for jolemessa på Rysstad. Det var rask respons, og korrigeringa kom ut med det same. Slik kan vi hjelpe kvarandre. Takk skal du ha, Karin.

Eg vonar mange tek turen til Flateland neste laurdag for å sikre seg noko av alt det fine Karin har for sal.

Eg takkar og for kontakt med lydarane anten det skjer i telefonen eller når vi møtest på gata.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *