Kvinnedominert onsdagskveld

Share

Denne onsdagskvelden, 8. november, vart svært kvinnedominert i Aktuell time. Første person ut var **Gro Haatveit Hovet**. Ho er leiar i soknerådet og fortalde om arbeidet dei har gjort i samband med høyringsuttale om stat og kyrkje. Det hadde vore ein stor NOU med mange problemstillingar, og møtet hadde hatt ein frisk debatt før dei landa på at dei ville ha det slik som det er no. Avrøystinga synte 5 mot 2.

Så kom **Astrid Nomeland** og snakka om trygg trafikk. Deretter tok vi ein telefon til **Valborg Nomeland**, som har trekt i trådane for å få til ei så godt framsyning som råd når Kardemommeby går av stabelen fredag, laurdag og sundag, alle dagar klokka 18. Prisen er 75 kroner for både store og små. Medan vi tala i telefonen, gjekk generalprøven for full musikk, og Valborg gledde seg over at det såg ut til å gå godt i den siste gjennomkjøringa før premieren.

Til slutt kom **Marit Salvesen** og fortalde om Aksjon Håp. Ho er med i komiteen for denne innsamlinga som skal gå føre seg sundag 10. desember. Marit fortalde litt om prosjekta og at komiteen trong bøssebærarar. Dei treng 28 personer til å gå rundt, og då dekker dei heile kommunen. Marit fortalde og at ho var med i dette gjennom Prestegårdens Misjonsforening, som er over 100 år og arbeider for NMS, men at prosjekta som desse misjonsorganisasjonane står for i samband med Aksjon Håp, ikkje er misjonsprosjekt, men diakonale utviklingsprosjekt for å skape eit betre liv for folk som ikkje har det så godt som oss.

Fire kvinner var ressurspersonar i den aktuelle timen. Den femte kom i Kommunen informerer. Då var **Astrid Opdahl Knutsen**, rektor på Hylestad skule, gjest. Det skal eg kome tilbake til i eit eige innlegg her på bloggen.

Endeleg stod **Jorunn Lund Harstad** for den opne sendinga. Summen her vart altså seks kvinner i Valle radio denne kvelden. Mennene glimra ikkje heilt med fravær. Eg var jo der, Torleif B. Harstad hadde Tankar frå Bibelen klokka 19:30, og timen frå 20 til 21 stod Ånund K. Homme for. Siste mann på lufta var Hallvard Tveit, som var saman med Jorunn i Open sending. Men kvinnene dominerte denne kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *