Lærar og media

Share

På kurset til Utdanningsforbundet utfordra Per Jarle Hellevik oss på tilhøvet til media. Det fekk meg til å tenkje tilbake på perioden då eg var lærar ved Valle skule og gjerne ville ha kollegar med i programmet Pedagogisk forum. Den utfordringa var det ikkje mange som tok.

Hellevik meinte at ein sjeldan fann Utdanningsforbundet i studio når diskusjonen gjekk om pedagogikk og veival i høve til skule og framtid. Han refererte til debatten i går kveld, der diskusjonen om eliteskule i matematikk og teorifag gjekk høgt, men kor ein sjeldan stiller spørsmål om eliteskular for idrett. Slike debattar går utan at Utdanningsforbundet er til stades, sa Hellevik.

Han meinte at det er viktig at lærarar vågar å stikke seg fram og seie noko om faget sitt når media spør, men ikkje bare då. Å ta initiativet gjennom lesarinnlegg eller kronikkar, er og ein måte å vere med og setje dagsorden.

I pausen diskuterte eg litt med Malmfrid, som jo har vore med i programmet Pedagogisk forum. Då sa eg at når ein får nei om ein spør om nokon om å vere med i program, så spør ein ikkje så mange gonger før ein sluttar. Kanskje hadde det vore betre om rektor sette opp liste og påla lærarane sine å vere med, slik rådmann Vidar gjorde då vi fekk programmet Kommunen informerer. Dei som var ukjende med radio var ganske nervøse dei fyrste gongene, men etter kvart vann dei erfaring og slutta å grue seg så mykje. I dag er det ein triveleg post som både deltakarar og lydarar kan gle seg over.

Kanskje vi skulle prøve å få liv i Pedagogisk forum att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *