Mentalitetsendring?

Share

Vegen mellom Valle sentrum og skulane har 60 km fartsgrense og mange syklande og gåande dei fleste dagar i året. Det er ingen gang/sykkelveg frå Valle motell/ Valle kyrkje. År om anna har det kome røyster for å lage ein gang- og sykkelveg på strekningen, men det har nok mest vore tale for døve øyre.

I dag stod det i avisa at fartsgrensa på vegen forbi Valle skule skal reduserast frå 50 km/t til 30 km/t. Det skal i tillegg lagast fartsdumar på strekninga langs gamlevegen.

Eg leita meg fram på heimesidene til planutvalet sine møte og fann at det må ha vore i møtet i oktober dei vedtok det. I møteboka står det:
Fartsgrensa forbi skulen vert 30 km/t med fartsdemper. Fartsdemper vert å innarbeidde i budsjett.

Rådmannen hadde ei anna innstilling: Planutvalet vedtek at fartsgrensa på strekninga frå vegkrysset til Valle skule til Harstad oppretthaldast som i dag (50 km/t). Fartsgrensa må vurderast i arbeidet med ny trafikkløysing for området.

Det var altså framlegget frå Knut Haugland som vart samrøystes vedteke i møtet. Eg lurer på om det har skjedd ei mentalitetsendring.

Sakspapira til denne saka tyder ikkje på det. Eg siterer om bakgrunnen: FAU ved Valle Skule har i brev av oppmoda Valle Kommune å sette ned fartgrensa på strekninga frå Valle kyrkje til Harstad. FAU syner til konflikt mellom trafikktilhøva og bruk av strekninga som skuleveg.

FAU ønskjer 50 km/t frå kyrkja til vegkrysset ved skulen, og 30 km/t på det resterande.

Strekninga frå sentrum til krysset ved skulen er fylkesveg, og Statens Vegvesen er vegstyresmakt. Oppmodinga er vidaresendt for dette strekket, og Statens Vegevesen har avslege søknaden.

Strekninga frå krysset til Harstad er kommunal veg, og planutvalet er då vegstyresmakt.

Deretter går ein over til å skrive under avsnittet som kallast vurderingar:

I medhald av skiltforskriftene er oppmodinga oversendt politiet til uttale. Valle og Bykle lensmannskontor vil ikkje tilrå 30 km/t utan at ein gjer andre tiltak som verkar fartsdempande, t.d. oppbygde fartsdemparar i vegbanen.

Administrasjonen har starta arbeid med ei ny trafikkløysing for området. Dette ut frå ei heilskapeleg vurdering av trafikktilhøva og omsyn til myke trafikkantar. Arbeidet vil gje ei endring av eksisterande reguleringsplan og ei fysisk omlegging av vegen. I høve til dette synast det lite hensiktsmessig og gjere fysiske tiltak i vegbanen på nåverande tidspunkt.

Men slik gjekk det ikkje. Planutvalet ville ikkje vente, kanskje dei meiner at ein har venta lenge nok. Eg meiner det hadde vore betre å skilje mjuke trafikantar frå biltrafikken ved gang/ sykkelveg. No er vedtaket å setje ned fartsgrensa og fylgje politiet si oppmoding om å lage fartsdumpar for å få folk til å rette seg etter den.

I mitt spørsmål ligg også oppmoding til ettertanke. Kanskje er det andre vegar i kommunen som kunne trengje tilsvarande vedtak?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *