Program onsdag 15. november 2006

Share

Kveldsansvarleg: Theis Salvesen
Teknisk ansvarleg: Torhild Sandnes

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Lene Dyrkorn
19:00 Kommunen informerer. Kulturdrift ved Per Kristiansen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Olav Rike les stubbar frå Setesdal
20:30 Monica Helle og Gunvor Salvesen røar saman og spelar musikk.
21:00 Open sending. Theis med gjest Annbjørg Uppstad

I Setesdølen i dag hadde Sigurd Haugsgjerd skrive dette:

Innhaldsrikt i Valle Radio:
**Vallestubbar, Byklenytt og trial-VM-prat**

Sendinga frå Valle radio i morgon kveld er spekka av interessante innslag med taleføre folk som kan få fram både gravalvor og gapskratt.

I den aktuelle timen frå kl. 18.00 ventar programleiar Theis Salvesen VM-deltakaren i trial, Lene Dyrkorn, på gjesting i studio. Ho er som kjent komen til Valle for å drive fram saka om den påtenkte folkehøgskulen som bygda gjerne vil ha. Innimellom prøver ho å skape interesse for trialsporten der ho altså sjølv har drive det like til eit internasjonalt høgt nivå. I morgon kveld blir det nok snakk både om trial og skuleplanar. Jan Wojtaszek fortel om det nye anlegget i Brokke skisenter, litt om snøforhola no og sesongen som er i vente og mangt anna som kan vere aktuelt å informere om.

Frå Breive til Røldal
Det blir også ein prat med Bjørnar Mørenskog om bokprosjektet han har i samarbeid med Bjarne Tveiten og kunstnaren Egil Torin Nesheim. Han har som kjent laga historisk kart over Bykle, og Bjarne har laga forteljing om familien i Breive som drog på pilgrimsvandring til stavkyrkja i Røldal. Emnet kan nok utdjupast i radioen i morgon kveld.

Sidan Bykle-radioen enno ikkje har kome på lufta att, er folka i Valle Radio opptekne av å få med nytt også frå Bykle. I morgon kveld kjem rådmann Tallak Hoslemo for å informere om kommunalt styre og stell, dagen etter kommunestyremøtet i kveld, og etter han kjem Per Kristiansen som etter planen skal snakke om kulturdrift generelt. Likevel blir det nok litt mimring om teatersuksessen i Valle i helga med «halve bygda» på den flotte Kardemommeby-oppsettinga.

Bibelske tankar og småstubbar
Håvard Viki tek lyarane med i Tankar frå Bibelen og spelar musikk i tillegg til personlege vitnemål. Klokka 20 les Olav Kn. Rike stubbar frå Setesdal. Mannen har ikkje berre den kanskje største private boksamlinga av lokal litteratur, men også ei målføring som gjer det til ei oppleving å høyre på han.

Ein halvtime seinare slepp ungjentene Monika Helle og Gunvor Salvesen til igjen. Dei småpratar og spelar musikk, men det skulle undre oss om dei ikkje også kjem inn på langturen dei snart skal ut på, til Sør-Amerika i 5 månader.

Frå kl. 21 blir det open sending med Annbjørg Uppstad som gjest. Hoe er opphavleg frå Sirdal, men er lærar i Valle. I samtale med Theis Salvesen ville ho tale om skilnaden mellom dei to dalføra som Brokke-Suleskarvegen knyter saman, og om tur til Cuba. Saman med Sigrunn Askland skal ho snart sørover, både for å treffe Jan Olsen, som drog sist fredag, og med opptaksutstyr frå Valle radio for å lage reportasjar til seinare program.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *