Ro og travel førjolstid

Share

I dag fekk eg ein triveleg epost. Eg likar slike meldingar, og om det høver, legg eg dei ut på bloggen. Denne gongen var det frå Ørnulf, som har fått mail frå dottera Gunnhild:

**Førjulskonsert i Valle kirke, 22. desember – klokka 19.00**
Musikk ved Hugo Risdal, Sigve Jacob, Runar Granheim, Silje Høgevold og
Gunnhild Hasla.
Høgtlesing ved Siv Eline Jacob (Jolefortellingar)

Servering av gløgg og pepperkaker.
For heile familien – store og små, alle er velkommen!
Plakatar vil bli hengt opp i bygda.

Slik har vi noko å gle oss til. Etter det eg skjønar vert det ei sending også på lisle joleptan på tradisjonelt vis, sjølv om ho kanskje ikkje vert så lang som sendingane vi har hatt denne kvelden tidlegare.

Og så har vi noko å planlegge etter. Planlegging trengst i denne tida, som lett vert meir hektisk enn me likar. I dag er det utstilling av sylv i Velkomstsenteret. Den opnar klokka 17, og klokka 18 er det kommunestyremøte. Dei som skal vere med Helselaget til Harebakken neste laurdag, 9. desember, må melde seg på innan sundag 3. desember, heitte det i ei melding som stod i Bygdenytt. Og meir vert det, det er nesten så ein må skrive ned alt ein skal rekke i ei travel førjolstid.

Eg møtte Malmfrid Nyborg Homme på butikken i dag. Ho siterte han som sa **Nokre gonger sit eg og tenkjer, andre gonger bare sit eg**. Sjølv om det er travelt i denne tida, er det viktig å ta seg tid til å nyte ro og fred også. Eg har mange gonger undra meg over dei som hastar så mykje i tida før advent. Men Gudrun Nomeland kasta lys over det då ho var telefonvakt ein onsdagskveld i november. -Eg vil ikkje ha alt hastverket i adventstida, sa ho. Difor gjer eg meg ferdig med det eg skal førebu til jol før adventstida kjem. Dermed kan eg ta det meir med ro når adventslysa vert tende.

Eg lærde noko den kvelden, som så ofte når eg er i radioen. **Lat oss søkje ro sjølv når det ståkar som mest.**

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *