Trafikktryggleik og litt til

Share

I timen med Aktuelt nytt onsdag fortalde Astrid Nomeland om reaksjonen ho hadde hatt då ho las i Setesdølen om fartsdumpane som det no er vedteke skal kome på gamlevegen frå krysset ved Georg Viki sitt hus, der gamlevegen går bort til Valle skule. Det er i samband med at det er vedteke å setje ned farten til 30 km/t at Planutvalet har vedteke eit framlegg frå Knut Haugland i staden for innstillinga frå rådmannen.

Astrid fortalde at ho hadde teke til orde for å få fartsdumpar i vegen på byggefeltet på Rysstadmo alt då borna hennar var små, det er jo nærare 30 år sidan. Då hadde ho fått til svar frå kommunen at ein ikkje ville ha fartsdumpar i Valle kommune.

Vedtaket i oktobermøtet var difor ei oppmuntring for henne, og notisen i Setesdølen skapte engasjement att for dette.

I programmet var me samde om at det som tende henne, var den minste notisen i avisa denne dagen. Fire små linjer på ei spalte, det var alt som skulle til.

Då eg snakka med redaktør Sigurd Haugsgjerd om dette torsdag, sa han at erfaringa hans var at slike små notisar vart lesne av svært mange og at det kunne liggje mykje god nyheitsjournalistikk i dei. Han kunne og fortelje at dei nok var flinkare før til å lage notisar av referata frå slike utvalsmøte i alle kommunane enn dei er no. -Før fekk vi store haugar med dokument tilsendt til redaksjonen, no må vi gå på nettet og leite fram stoffet, sa han. Det er ikkje sikkert at vi gjer det like systematisk som då vi fekk papirbunkene.

Astrid var ikkje sikker på om ho ville klare å få folk med seg på å få fartsdumpar i byggefeltet på Rysstadmo. Men ho meinte at sjølv om det ikkje lenger er mange ungar der, så er det desto fleire barnebarn på besøk. Før var det også meir ope, no er det grodd opp hekkar alle stader, så det er meir uoversiktleg. Fartsdumpar og 30 km/t skilt aukar tryggleiken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *