Underet i Breive

Share

Det er tid for julebord att, og i går kveld hadde Utdanningsforbundet i Valle og Bykle samling på Bykle gjestegard. At dei har nydeleg lutefisk, kan eg stadfeste, eg kom ikkje til ribba og pinnekjøtet.

Vi hadde fått **Bjarne Tveiten** til å fortelje om prosessen bak boka med same tittel som dette innlegget. Det vart ein interessant halvtime der han fortalde om dei mange trådane som har ført til praktverket. Han synte oss trådar frå eit fag i lokalkunnskap på Hovden vidaregåande skule si linje for servicenæringa der han hadde medverka med lokalt stoff. Dette hadde ført til eit omfattande stoff om aktuelle hendingar i Bykle, noko som Bjørnar Mørenskog hadde fanga opp og sendt ein tråd til teiknaren Egil Torin Næsheim, som hadde tent på ideen og enda opp med eit kartmåleri som i dag heng på Bykle Fjellstoge. Då Bjarne fekk sjå det, losna ein skrivetrong som etter kvart hadde blitt til eit manuskript. Med gode kommentarar frå interesserte medspelarar hadde det heile så utvikla seg slik at teiknaren hadde gjennomillustrert boka om Underet i Breive.

Eg er imponert over norsklæraren som kastar seg ut på djupet med ei novelle som kan illustrere pilegrimstradisjonane i Øvre Setesdal. Ein ting er å oppmuntre elevar til å skrive, noko anna er å ta pennen fatt sjølv. Men Bjarne tok utfordringa, og måten det er gjort på, får oss til å ønske fleire bøker frå hans hand. Teikningane på kartmaleriet skulle gje grunnlag for 20 bøker, minst.

Det må vere flott å få starte pensjonisttilværet med å fullføre ei slik oppgåve. Boka er trykt i 1000 eksemplar, og ei veke etter lanseringa er truleg 700 selde, så mange av lærarane nytta høvet og sikra seg sitt eksemplar denne kvelden.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *