Underet i Breive 2

Share

I Setesdølen fredag 1. desember hadde Sigurd Haugsgjerd ein artikkel om då boka vart presentert. Eg hadde planar om å ta turen til Hovden på presentasjonen, men bilen min ville ikkje ta turen dit. I staden måtte eg sende han i motsett retning, til alltid hyggeleg Oddvar Moy Bilforretning som fann ut at han hadde gått i naudprogram og ikkje ville over andre gear.

Sigurd fortel at det var eit hundretal menneske som var på lanseringa. Boka er gjeve ut av Hovden Fjellstoge, det er fyrste boka Bjørnar Mørenskog står for som forleggar, men det blir truleg ikkje den siste. Som konsulent har han hatt Birte Løvåsen, prest i Kristiansand og engasjert i pilegrimsrørsla som har vakse fram dei siste åra. Forfattar Bjarne Tveiten har fått bryne seg på henne når han skulle skildre pilegrimsvandringa frå Breive til Røldal, som er eit av motiva i boka.

Underet i Breive byggjer på kartmåleriet som Bjørnar Mørenskog har på Hovden Fjellstoge. Det er laga av teiknaren Egil Torin Næsheim og har ei rekke motiv frå Byklesoga. Truleg er det tema nok til tjue bøker, så Bjarne Tveiten vert ikkje arbeidslaus i pensjonist-tida si, sjølv om han ikkje trur det vert særleg mykje meir radio på han.

I oppslaget i Setesdølen fortel Birte Løvåsen om pilegrimsvandringa som ein møteplass for tru og tvil. Natur og religion kan gje grunnlag for slike samtalar om tru og tvil. Ein går saman, opplever noko saman, og målet for vandringa er ei kyrkje. Undervegs er det utfordringar både i møte med andre menneske og i møte med naturen.

På jolemøtet til Utdanningsforbundet fortalde Bjarne Tveiten at ein vurderer om turen skal takast på tre eller fire dagar, truleg vert det litt uti juli 2007. Første etappe til Sloaros, deretter til Haukelisæter og så er det spørsmål om siste strekninga skal vere ein etappe eller to.

Kulturhus

Share

For eit par veker sidan var Per Kristiansen gjest frå kommunen i programmet Kommunen informerer. Då fortalde han at arbeidet med prosjekt kulturhus i Valle var kome langt, og onsdagskvelden 29. desember sa kommunestyret eit samrøystes ja til prosjektet. Ombygging og utviding er kostnadsrekna til 11 millionar kroner, då er målet å få til ei teaterscene med mål som gjer at Riksteateret vil kome med framsyningar att i Valle.

Planen er at arbeide skal kome i gang neste år. Status som regionalt kulturhus betyr at ein kan få eit tilskot på to millionar frå Staten. Prosjektet skal finansierast med pengar som kommunen har som ansvarleg lån i Agder Energi, og så vert det tre hundre tusen i årlege meirkostnader når det gjeld drift.

Det ser ikkje ut til å stoppe med bygging i skuleområdet. Etter det Per fortalde i sendinga for eit par veker sidan, skal Storstoga utvidast slik at scenebreidda vert tre meter breiare enn no. Det skal gjerast ved å utvide bygget mot Riksveg 9.