Folkemusikkrekruttering

Share

Første innslag i sendinga onsdag 13. desember var ein prat med Sigurd Brokke, som er leiar i Setesdal Spelemannslag. Dei har teke initiativ til eit prosjekt i Bykle, Bygland og Valle for å auke rekrutteringa til folkemusikken. Dei vil få kommunane med på eit prosjekt for til saman 1,8 millionar kroner i form av løn til ein prosjektleiar i tre år, stipend og ulike tilskipingar.

For å prøve å finne økonomi til prosjektet har det vore ei prosjektgruppe i gang. Leiar har vore Monika Antun, og no er arbeidet i gang med ein søknad som skal sendast til Norsk Kulturåd, Rådet for folkemusikk og dans, Aust-Agder fylkeskommune, Setesdal Regionråd og dei tre kommunane. Om alle spelar på lag, kan dei få pengar til å tilsette ein person som skal arbeide mot barnehagar, skular, kulturskular og organisasjonar.

Sigurd meinte at dette ville vere ei viktig satsing. Det er ikkje lett for folkemusikken å hevde seg i vår tid, der det er mange som vil ha merksemd. Difor meinte han at ein må setje inn ekstra kraft for å halde oppe rekrutteringa til folkemusikken.

Dei kom i praten og inn på dialektprosjektet som Sigurd er sterkt engasjert i. Folkemusikk, dialekt og byggetradisjonar er viktige element i den lokale kulturen, og når NRK lagar film der dei ser på dialekten som ein attraksjon, er det ei fjør i hatten til arbeidet ein har gjort med vallemal.no Arbeidet med å lyfte dei andre sidene av den lokale kulturen må halde fram også i åra som kjem.