Aktuell time 6. desember 2006

Share

I den aktuelle timen i kveld hadde eg desse tema:

**Jolehefte**
Kor vart det av dei nynorske jolehefta Tuss og Troll, Smørbukk, Kaptein Berg og så vidare? I butikkane er det bare Knoll og Tott og Stomperud no.

Bjørg Brokka Rike stilte i studio med ei bunke jolehefter til ein prat om dette.

**Syngjandi**
skal ha jolekonsert 17. desember. Klokka 17 i Bykle kyrkje og klokka 19.30 i Valle kyrkje. Dei har framleis joleplata til sals og vil selje i samband med konserten.

Bjarne Voldseth fortalde om dette og meir til i sendinga.

**Husfliden**
er jolegåvebutikk. Folk i bygda nyttar Setesdal Husflidsentral, så det er helst travelt. I tillegg til englar og andre mindre ting, saumar dei stakkar på harde livet og har sett ny rekord med å gjere ferdig ein stakk på fire veker. Ei og anna Setesdalskofte finn vegen over dammen til utflytta folk med tilknytning til Setesdal også.

Randi Myrum fortalde i opptak gjort i butikken.

**Vest-Sahara**
Baba har skrive eit lesarinnlegg i Fædrelandsvennen om situasjonen i Vest-Sahara. Dette var tema for praten vi hadde.

**Grendefeltet i Brokke**
Anny Brokke hadde synspunkt på situasjonen i høve til å få fleire til å bygge hus i feltet og meinte at om ein hadde tynna ein del, slik at utsynet kom fram, ville det vere lettare for folk å sjå verdiane i feltet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *