Ei sjeldan kvinne

Share

Vi som lagar program i Valle radio, kan ofte glede oss over at Tora O. Lund er på telefonen når vi har rebusar og opne sendingar. Ho er så blid og triveleg å prate med.

Bjug Åkre tok ein prat med grannen sin og skreiv om henne i Jol i Setesdal 2006, og det vart eit interessant stykke. Tora har ikkje lege på latsida i livet. Ho var bare 20 år då ho gifta seg i 1941 og flytte frå Rike til lensmannsgarden i Nordibø og stifta heim med Juel O. Lund. Dei fekk seks born, så ei tid var det ganske folksamt i huset. Ein kan godt skjøne at det vart stussleg å bu der aleine, så no har ho fått seg rom på aldersheimen.

Ikkje alle ville ta fatt på ein ny karriere i ein alder av 65, men det gjorde Tora då ho starta med baking av braud og lefser for sal til turistane. Det har vore eit kjært bilete i bygda med Tora og etter kvart også dottera Jorunn i bakebua ved sidan av Valle Motell. Eit bilete av henne i artikkelen syner den kjende posituren hennar med kjevlet i bakebua.

Artikkelen nemner ikkje noko om Tora sitt engasjement for Valle radio sine opne sendingar. Einskilde gonger er det ikkje så mange som ringjer inn svar, då er det godt å ha Tora på tråden. Det har blitt mang ein triveleg prat om laust og fast, og mange helsingar har vi også kunna sende henne. Av og til har vi lokka henne utpå til å syngje i telefonen, noko som ikkje er så uvand for henne. Ho var jo med i songgruppa som Sverre Lund kalla Syskeni Rike, skriv Bjug Åkre og fortel at ho meir enn ein gong song Valle, min heimstad for turistane medan ho baka.

Gledeleg jol og eit godt nyår, Tora! Vi vart rikare som møtte deg, anten det no var på telefonen, på møte eller i Jol i Setesdal.

Ein tanke om “Ei sjeldan kvinne”

  1. Eg vil berre nytte høvet til å takke deg for ein interessant blogg, Harald!

    Ikkje sjeldan går eg glipp av radiosendingane frå Valle Radio. Då er det greitt å vite at du ikkje er sein om å skrive eit lite grann om det radiomannskapet har produsert. Endåtil med dine eigne vurderingar og tankar lagt til faktainformasjonen. Alt saman framført på sakleg og kompetent vis.

    Eg tykkjer også det er interessant å lese om andre emne du grip fatt i og gjev omtale. Mangt av det du skriv er til ettertanke.

    Så langt eg har klart å registre; i særklasse den beste bloggen i Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *