Reier Gjellebøl

Share

Reier Gjellebøl var prest i Valle fra 1772 til 1782. Sjå http://www.eskeland.net/node/4
Der har Helge Haugland lagt ut ei liste over prestar i Valle frå reformasjonen i 1536.

I år var det ein artikkel om Reier Gjellebøl i Jol i Setesdal. Torleiv Uppstad har skrive han, og han har nytta ei rekke kjelder for å finne stoff. Mellom anna:
* Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Præstegield (1771).
* Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift av Rejerus Gjelleböl, Guds ords tjener til Valle Præstegjeld i Sætersdalen (1781), som i følge wikipedia vart «Belønnet med en premie av det Kongl Danske Landhusholdnings-Selskap. Trykt i Topographisk Journal i 1800-01.»
*Norsk Biografisk Leksikon

Eg fann han på Internett i Dansk biografisk Lexikon, 6. bind, sjå http://runeberg.org/dbl/6/0036.html

Reier Gjellebøl (1737-1803) var fødd i Høland. Då han var ferdig med å studere teologi i København, var det ikkje lett å få kall, og han vart gåande som lærar i Danmark ganske lenge. Boka om Høland hadde han tileigna Struensee, men Struensee kom i unåde og fall like etter, og difor måtte han be om tilgjeving for dette. Den fekk han, og like etter fekk han kall til Valle. Om det var feitt eller ikkje på den tida, er ikkje godt å seie, Uppstad har funne fleire episodar som tyder på at det kan ikkje ha vore lett å vere prest i Valle for to hundre år sidan. Han var svært oppteken av å få skulen på stell. Føregjengaren hans hadde ikkje makta mykje her, folk meinte at det vart for dyrt.

Uppstad har funne eit stev om Gjellebøl. Det er etter Slarve-Vilborg, som han hadde nekta nattverden. Då kom det til eit basketak, der presten reiv kleda av Vilborg. For å unngå stemning skulle han gje ei årleg godtgjersle til henne, og då kvo ho:
Gud signe han Reiaar Gjellebøl,
han kom her i messekledi.
Han tok sekken av hærdo mi
og gav meg braudet bæri.

Det vart ei god ordning for henne. No slapp ho å gå med tiggarsekken, fortel Torleiv Uppstad.

Kjøp Jol i Setesdal. Du finn mykje meir enn trivelege stev frå næringslivet i dalen også i nummeret i år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *