Sissel Åkre om kulturhus og Kardemommeby

Share

**Sissel Åkre hadde eit lesarinnlegg i Setesdølen om kulturhus nyleg. Det hadde ho skrive på bakgrunn av erfaringane frå å vere deltakar i Kardemommeby-framsyninga som Valle kulturskule sette opp i haust. Eg fekk lov å leggje det ut på bloggen:**

KARDEMOMME, eit livgjevande krydder.

Etter 27 år i Valle kan eg, med hand på hjarta, seie at å få vere med på oppsettinga av
”Kardemomme By”, er det største eg har oppleva her.

Det var ei oppleving som romma alle kjensler: Angst, gruing, trøttleik, kaos, panikk, glede, samhald, kjærleik, lykke. Mest lykke. Over for ein gongs skuld å få oppleve valldølar og hylstringer, barn, unge, vaksne og eldre i eit konfliktlaust, konstruktivt, uvanleg, men inspirerande samvær og samarbeid. Som vara i eit halvt, kreativt år. Og det var sjølvsagt storarta å bli møtt med ovasjonar frå meir enn 600 menneske.

Eg voner det er skapt forståing for at kvalitet KOSTAR. Blod, svette og tårer….

**Mest** av intiativtakar og instruktør: Utan leiing av første klasse, ingen suksess

**Mykje** av alle som stod rundt oss som var med, dei fleste skulle hentast og bringast, som medspelarar i replikk-innøving, hjelp til å finna kostymar osb, men det må ha vore ei lykke å stille opp for ungar og ungdomar, til og frå slik livgjevande aktivitet som det er å skapa ei teaterforestilling.

Gjorde vi ein litt dårlegare jobb i perioden? Vart det lese lite leksar? Eg trur likevel vi alle går framtida i møte med meir energi og livsglede enn vi hadde før: Vi var mange i Valle kommune som fekk til noko SAMAN. Til glede for oss sjølve **og så mange andre**.

»Er ei slik gledeshending verd 11 millionar? 25 millionar?**

Å leggje til rette for å skape slike GLEDESHENDINGAR må kosta kva det kosta må! Kanskje nærare 25 enn 11 millionar, faktisk. Eit anna syn på kulturpolitikk er reaksjonært og uansvarleg!

Tilbake til ein del av kjenslene eg sit att med etter besøket i Kardemomme By: Kaos, panikk, gruing. Vi jobba faktisk i det totale kaos. Vi mangla garderobeplass, sminkerom, kulisseplass, ljos, lyd, opphaldsstad mellom sceneskitfta. Det vart improvisert over ein låg sko, glade amatørar trødde til på alle arenaer. Den gleda er ei skjør glede!

**Riksteateret**
Som alle veit er det mange år sidan vi har hatt vitjing av til dømes RIKSTEATERET. Mang ei stor kulturhending har gått oss hus forbi i mange år no.

Etter å ha levd eit liv bak scena i Valle kommune forstår eg sjølvsagt kvifor. PROFESJONELLE UTØVARAR KREV KVALITET. OG KVALITET KOSTAR. Kanskje nærare 25 enn 11 millionar.

I St.meld. nr. 48 ”Kulturpolitikk fram mot 2014” står det mellom anna: ”…markedet er ikkje tilstrekkeleg for å sikre kvalitet, nyskapning og mangfald innan kulturlivet, difor må det offentlige inn med tiltak slik at kunsten og kulturen får muligheten til å spille sin viktige samfunnsoppgave”.

Der står også: ..”Det er heller ingen tvil om at det samla kulturtilbodet veks og vert meir variert. På dei fleste områda kan ein òg registrera ein auke i kulturbruken. Mykje tydar dessutan på at både tilbodet av og etterspurnaden etter kultur og kultutrrelaterte goder av ulike grunnar vil halda fram og veksa. Dette må sjåast i samanhang med ein jamn vekst i den moderne tenesteytande sektoren generelt, at utdanningsnivået aukar, at det vert meir fritid og større fleksibilitet i arbeidslivet og ikkje så skarpt skilje mellom arbeid og fritid. …. Kulturbruken aukar naturleg nok med betre tilgjenge….. Avstanden er lengst til konsertlokale og teater. Tilgjenget har endra seg dei siste åra, og i store deler av landet er det eit tydeleg ynskje om at tilgjenget må verta betre….”

I Samandraget i Stortingsmeldinga står det: ”..Det er viktig å leggja til rette for mangfaldet innanfor kulturlivet. Eit bredt spektrum av skapande, utøvande, dokumenterande og formidlande innsatsar frå alle delar av kulturfeltet er ei verdfull motvekt mot den einsrettande krafta ulike komersielle krefter i samfunnet kan representra.

Eit aktivt og engasjerande kulturliv er viktig både på individ- og samfunnsnivå. Ein dynamisk og pulserande kultursektor som kommuniserar godt med breie brukargrupper er eit uunnverleg aktivum for landet. Kultursektoren er kjelde til kreativ inspirasjon, kunnskap og opplevingar for alle aldersgrupper – både for folk flest og for avgrensa grupper med særskilte interesser og behov…”

Vi anerkjenner alle at idretten har gode kår her i kommunen. Vel unt, det.

Men nok er ikkje nok.

Eg voner lokale politikarar, kulturpersonligheter og fylkespolitikarar forstår, og anerkjenner alvoret i konsekvensane for Valle kommune i **KULTURHUSSAKA**.

Eg vonar det finst MODIGE, KREATIVE, RAUSE kultur- og politisk skolerte menneske som kan vera med og driva denne saka framover OG I MÅL! FOR DET HASTAR NO.

Kardemommelova er ikkje god nok for Valle, når den seier: ”…og for øvrig kan man gjøre som man vil…”

Men: ”Man skal ikke plage andre, man skal være snill og grei….” Til beste for barn, unge, vaksne og eldre i Valle kommune! DET kostar!

Sissel Åkre

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *