Takk for respons

Share

Etter kvelden i går har eg fått ganske mykje positiv respons, ikkje minst på Open sending, der Hanni Podt var gjest og tema var Nederland. Sjølvsagt var elevane i klassen positive, nokre av dei hadde høyrt heile kvelden, til og frå, slik ein gjerne gjer, men ikkje minst på klassekameraten sin. Ho hadde fortald ting dei ikkje visste, mellom anna at ein kunne ete tulipanløk. Dei kommenterte og at ho hadde vore på campingtur i Noreg med ein baby på 9 månader.

Eg har og fått kommentarar i høve til gjestene eg hadde med i nyhetstimen. Folk som kjenner Baba syntest nok at han var noko nervøs til å begynne med, men etter kvart gløymde han å vere nervøs og prata meir slik dei kjende han frå møte i idrottshallen. Engasjementet hans hadde dei respekt for.

Å gje plass også for nye innbyggjarar i Valle er ei av oppgåvene til Valle radio. Då dette året starta, var innvandrarbefolkninga i Valle totalt på 63 personar, det vil seie nesten 5 prosent av alle dei 1348 som budde her i kommunen. Av desse var 30 frå vestlege land og 33 frå ikkje-vestlege land. Sjå tabell hos Statistisk Sentralbyrå:
http://www.ssb.no/emner/02/01/10/innvbef/tab-2006-05-11-10.html

Eg fekk og kommentar på musikken. Den var annleis enn han brukar å vere, og det var sant. Det var mange songar frå joleplata til Syngjandi, men også den andre musikken vart omtala som god å lytte til og ei fin avveksling frå hardare musikk, som vedkomande sa. Eg sender det tilbake til Hanni, som hadde funne musikk til Open sending. Ettersom det ikkje var helsingar denne kvelden, fungerte det fint å nytte hennar musikkval, som både eg og Gudrun i teknikken sette pris på.

Når eg har hatt sending, treng eg ei stund for å tenkje gjennom det som har skjedd i løpet av kvelden. Ikkje alltid hugsar eg alt. Kommentarar frå lydarar, anten eg møter folk på gata eller elles, er kjærkomne innspel, og det trur eg dei fleste av oss som lagar program er samde i.

Difor er eg takksam for respons. Eg vonar de som høyrde på, hadde ein triveleg kveld med Valle radio, anten de fekk med dykk alt eller de bare var innom ei kort stund.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *