Årskort i Brokke

Share

Sjølv om snøen har lete vente på seg, er det jo slik at folk vonar at den skal kome og gje grunnlag for trivelege timar i slalåmbakken i Brokke. Då er det viktig å skaffe seg årskort. Eit kort kostar 2000 kroner for barn og unge og 2600 for vaksne.

Valle kommune sponsar årskort for innbyggjarar i kommunen med 50 prosent, fortalde Ingvar Nes i Kommunen informerer i Valle radio onsdag 10. januar. Men det er ein frist for dette. Eg hugsar ikkje akkurat kva dato han sa, men heimesida seier at det var 20. januar. Om ein ikkje har ordna det før, må ein ta heile kostnaden sjølv. Sjå heimesida her: ttp://www.valle.kommune.no For folk frå Valle gjeld det at ein får trekt frå sponsa sum direkte når ein kjøper kortet i Brokke

Også Bygland IL sponsar årskort i Brokke. Det stod i Setesdølen 29. desember. Dei sponsar kvart kort med 800 kroner. For folk frå Bygland gjeld det at ein må betale heile beløpet, og så sende kvittering til Bygland IL ved Jørund Kvaale, 4745 Bygland innan 1. februar. Då vil dei sjekke mot medlemslista og så sende refusjon i løpet av februar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *