Bøker og radio

Share

I meir enn eit år har Lisbeth D. Homme, biblioteksjefen vår i Valle, delt kunnskap om bøker med oss i Valle radio. Nesten kvar tysdag klokka 20.00 kjem ho med interessante godbitar frå biblioteket. 2, januar snakka vi saman om verdshistorie. Ho har eit verk på 16 band, Aschehougs verdenshistorie. Men ho har og Grimberg, det klassiske bokverket om verdas historie. Det har 25 bind. Alle desse kan ein låne heim her i Valle. Om ein spør andre stader, vil ein ofte få til svar at dei må lesast på biblioteket.

Ho nemnde og ei ny bok:

Zinn, Howard
USA : folkets historie 1492-i dag / Howard Zinn ; oversatt av Morten Hansen. – Oslo : Oktober , 2006 – 776 s. – (973)
Originaltittel: A people’s history of The United States
ISBN 978-82-495-0295-0 (Oktober) (ib.)

776 sider om USA er ikkje lite å kome seg gjennom. Men ein kan låne boka i fleire etappar, ho fortalde om ein som hadde lånt den utan å kome gjennom den, så leverte han den inn og sa at han måtte heller låne den ein gong seinare.

Det fekk meg til å tenkje på at slik burde eg og gjere. Låne ei bok, og så heller levere henne inn når eg har lese det viktigaste, i staden for å halde på henne og vone at eg skulle få lest henne ferdig. Svært ofte vert ho liggjande til eg får ei purring og må levere henne inn utan å verte ferdig med henne. Då kunne eg jo like gjerne levert henne med ein gong.

I programmet ynskte vi at det ville verte eit godt leseår. Du som les dette og held til i Valle, ta turen innom og lån ei bok eller fire. Biblioteket treng at vi låner der, og truleg er det lettare å setje av tid til lesning i januar og februar enn seinare på året. Sei til deg sjølv at du skal støtte biblioteket og deg sjølv ved å låne minst fire bøker i år. Om alle innbyggjarane i Valle gjorde det, ville sikkert statistikken for bibliotekbruk i kommunen vår stige. Det skal eg kome tilbake til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *