Bøker og statistikk

Share

Ei av sidene ved å drive eit bibliotek er at ved nyår må ein lage statistikk. Eg kom innom til Lisbeth på Valle folkebibliotek fredag, og då var ho oppteken med å gå gjennom statistikken. Fristen for å levere tal til fylkesbiblioteket i Arendal var 8. januar.
 -Ikkje så mange besøk og ikkje så mange utlån i 2006 som i 2005, sa ho.

Vi vart ståande å prate om spørsmål rundt det å få høgare tal på statistikken. Det er jo ei side ved radioprogramma, vi oppmodar jo folk til å gå på biblioteket og låne bøken som vi snakkar saman om.

Truleg må det verte ein viktigare del av bibliotekverksemd å prøve å auke utlån, ikkje bare ha bøker tilgjengeleg og så vente på at folk kjem og låner. Men om det skal lukkast, må nok tanken på utlån ligge langt framme i fokus alt frå fyrste veke i eit nytt år. Og så må aktivitetane tilpassast dette.

Lisbeth fortalde at på eit lite bibliotek er det lånarar som ofte overlet til bibliotekaren å finne nye bøker. Dei reknar med at bibliotekaren veit kva lånaren likar og finn noko lånaren kan ha glede av.

Midt oppe i ein travel kvardag vert det endå ei oppgåve å ta tak i: Å auke utlån. Lisbeth fortalde at ho kan få god hjelp frå statistikk-delen av utlånsprogrammet. Det er også mogleg å summere opp og sjå korleis resultatet har vore før årsoppgjeret. Dermed kan ein sjå utviklinga tettare enn ved bare å sjå på eit heilt år.

Eg meiner at bygda vår bør stø opp om det gode biblioteket vi har. Difor kan slike tal godt vere opne, slik at ein kan fylgje med kva som skjer. I Valle radio vil vi prøve å formidle meir om situasjonen når det gjeld statistikk på biblioteket. Til då oppmodar eg alle lesarar frå Valle om å stikke innom, anten i Valle eller i Hylestad.

Opningstidene er slik:
Hylestad: Måndag frå 13 til 19, onsdag frå 11 til 15
Valle: Tysdag frå 11 til 15.30, onsdag frå 16 til 19 og torsdag frå 13 til 19

I morgon er det altså på Hylestad du kan finne boka du skal lese i eller lytte til den neste veka. For lydbøker er populære å låne no. Men Lisbeth har filmar og cd-plater og.  Og det ho ikkje har, det skaffar ho.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *