Godt nytt år

Share

Det vart ei kort helsing ved inngangen til eit nytt år, så eg får utvide den litt no i kveld. Eg sat og skreiv på ein artikkel på Wikipedia, for eg vart inspirert av Kong Harald sin nyårstale og tenkte at den kan eg skrive om i det leksikonet som har gjeve meg så mykje i året som gjekk. Her er lenka: http://no.wikipedia.org/wiki/Nytt%C3%A5rstalen_2006

I jolehelga har eg fått meg ny harddisk og Helge har vore heime og installert Ubuntu, eit linux-basert operativsystem. Dermed skal eg no bruke Firefox, som er ein ny nettlesar. Av ein eller annan grunn fall han ut i går kveld då eg skulle skrive på bloggen. Medan vi prøvde å finne feilen, gjekk klokka mot midnatt. Til slutt skjøna eg at eg ikkje kom til å få den siste artikkelen i desember om eg ikkje fann ein annan maskin, så eg heiv meg rundt for å skrive i alle fall overskrifta, og slik få loggført artiklar alle dagar i desember 2006. Men eg var to minutt og 36 sekund for sein, så mi helsing og ynskje om godt nytt år vart lagra i 2007.

Dermed er vi over i eit nytt år. Mange har lurt på kva som vil skje i året som kjem når det gjeld Valle Radio. Vi som er i staben vil prøve å halde fram det gode arbeidet også i eit nytt år. Vi har sett opp liste og fordelt oppgåver, så vi vonar at det skal fungere om lag som tidlegare.

Eg vil takke for trivelege innspel dei siste dagane og ser fram til å halde fram med å skrive på bloggen. Over tid er det blitt mange artiklar som speglar livet i Valle og programma i Valle Radio. Eg vonar at kjelda med stoff ikkje vil tryta i året som kjem og ser fram til innspel og utspel både for open mikrofon og i samtalar med folk utan mikrofon i nærleiken.

Kong Harald avslutta nyårstalen sin i 2006 med å sitere frå ein song. Eg trudde den for lengst hadde blitt med i salmeboka, den har stått i Sangboken i minst 50 år og har fått plass i den svenske Psalmboken på nr. 180. Eg kan gjerne slutte dette innlegget kongeleg og ynskje dykk godt nytt år med heile fyrste verset av sangen, som eg og skreiv ein liten artikkel om på Wikipedia. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Hver_dag_er_en_sjelden_gave

Hver dag er en sjelden gave,
en skinnende mulighet.
Hver dag er på ny en nåde
som stiger fra himlen ned.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *