Monika Antun

Share

I Aktuell time onsdag 10. januar var Monika Antun frå Setesdalsmuseet gjest hos Theis. Monika er museumspedagog på Setesdalsmuseet. Ho fortalde om utstillinga I rosens navn som dei no har opna på museet på Rysstad. Det er ei vandreutstilling som Vest-Agder-museet og Sørlandets Kunstmuseum har sett saman. Frå 6. til 10. oktober stod ho i Flekkefjord, det var opning på turneen som no er kome til oss. Her er lenke til omtale av utstillinga: http://www.vaf.no/kulturnett/dtAktuelt.aspx?m=1008&amid=15097

Utstillinga kombinerer kunst og brukskunst der ein har nytta roser til utsmykking. Roser var til inspirasjon for mange kunstnarar på siste halvdel av 1800-talet. Mellom anna nytta Olaf Isaachsen det som uttrykk for det typisk nasjonale. Her er lenke til Olaf Isaachsen: http://home.online.no/~rween/folk.htm Kjell Nupen har også ført vidare dette motivet. Om Nupen kan du finne meir stoff her: http://no.wikipedia.org/wiki/Kjell_Nupen 

Setesdalsmuseet arrangerer det dei kallar Superveke i januar. Det er ikkje bare denne utstillinga, men og eit byggesett for lafting som elevar frå skular i Setesdal kan bli kjent med på Setesdalsmuseet. Museet sponsar til og med busstur for skulane, så alt skulle liggje til rette for stort besøk i ein stille periode av året. http://www.setesdalsmuseet.no/superveker_i_januar.htm

Monika er aktiv som spelemann og engasjert i arbeidet med å stimulere unge til å spele hardingfele. I samband med dette var det eit innslag med henne på NRK Sørlandet. Lenke til det finn du her http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.1471314 

Når ein fyrst leitar på nettet, finn ein litt av kvart. Her er lenke til hovudoppgåva Monika skreiv då ho tok hovudfag i historie i 1999: http://www.hist.uib.no/hovudfag/antun/monika.html
Oppgåva heiter:
Kvinnene på bygdetinget i Nordhordland midt på 1600-talet.

Ei gransking av kvinners stilling og posisjon i tinginstitusjonen. Rettshandheving og praksis i Nordhordland Sorenskriveri 1642-1668.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *