På joleselskap i Leipzig

Share

For 260 år sidan var det eit joleselskap i Leipzig. Ei rekke medlemmer av familien Bach hadde kome for å vere saman på tampen av jolehøgtida. Det var jo heilt naturleg at dei ville spele orgel, og Thomaskantor Johann Sebastian inviterte dei til ei samling i kyrkja. http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Sebastian_Bach

-Eg tenkjer vi startar med svigerfar, sa Johann Sebastian. Johann Michael  Bach (sjå http://en.wikipedia.org/wiki/Johann_Michael_Bach ) hadde vore død i 50 år, men han var far til Johann Sebastians første kone Maria Barbara. Så spelte han Gelobet seist du, Jesus Christ.

-Kan ikkje du også spele eit stykke, Johann Bernhard? (Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Bernhard_Bach ) J.S. sin 9 år eldre fetter var og komen i joleselskapet, akkurat runda 70 år. No var han pensjonist etter å ha vore organist i fødebyen Erfurt og Magdeburg før han kom til Eisenach i 1703, der han hadde vore sidan. No sette han seg til orgelet og spelte koralforspelet Vom Himmel hoch, da komm ich hier så inspirert at J.S. sjølv måtte spele nokre variasjonar frå BWV 769 etterpå. Han slutta etter dei tre første og gav utfordringa til sin eldste son, Wilhelm Friedemann (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Wilhelm_Friedemann_Bach ).

W.F. var på denne tida klar til å begynne som organist i Liebfrauenkirche i Halle etter å ha vore i Sofiakyrkja i Dresden frå 1733. Han valde å spele Wir Christenleut hat jetzund Freud.

Så var det Carl Philipp Emanuel Bach (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Carl_Philipp_Emanuel_Bach ) sin tur. Han valde å spele eit lite stykke for Flötenuhr, Allegro i D-dur, eit kort stykke på bare eit minutt, før han gav ordet orgelkrakken til sin 14 år gamle lillebror Johann Christoph Friedrich Bach (sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Christoph_Friedrich_Bach ). Full av ungdommeleg mot og kraft sette han seg til manualet og la i veg med den muntre jolevisa Morgen kommt der Weihnachtsmann, til stor glede for forsamlinga. Etter vel 8 minutt la han i veg med finalen, og lyttarane koste seg over det dei høyrde.

-No må vi få oss kveldsmat, sa J.S. og avslutta samlinga rundt orgelet, og med det var familien sin jolekonsert over.

Musikken til programmet fann eg på plata Weinachtilce Orgelmusik der Bach Familie, Aeolus 10241. Utøver er Wolfgang Baumgratz, organist i domkyrkja i Bremen.  http://de.wikipedia.org/wiki/Bremer_Dom 
Sjå og
http://de.wikipedia.org/wiki/Wolfgang_Baumgratz

Programmet vart sendt 9. januar 2007 klokka 20.30

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *