Skulevegspørsmål

Share

Eg plar sjeldan skrive noko om kommunestyresendingane i Valle radio. Men eg gjer eit unntak denne gongen:

I kommunestyret i Valle i kveld tok Torunn Charlotte Nyberg Lund opp eit spørsmål i den offentlege spørjetimen om skulevegen mellom kyrkja og skulen. Ho gjorde det på vegner av FAU og refererte til at spørsmålet om kva ein skal gjere har vore aktuelt sidan ho kom til Valle, -Det er 12,5 år sidan, sa ho og nemnde at det er tre utdanningsinstitusjonar i området: Valle barnehage, Valle skule og Valle vidaregåande skule. Ho meinte difor at det er eit spørsmål som gjeld alle barn og unge i Valle.

Ho fortalde at FAU hadde sendt brev til kommunen og til Vegvesenet. Frå Vegvesenet hadde dei fått svar at dei ikkje hadde pengar, korkje til skilt eller andre tiltak. Frå kommunen hadde dei ikkje fått svar.

Ordføraren kunne fortelje at kommunen venta på ei utgreiing frå Sørlandsconsult som skal vere ferdig tidleg vår. Når det gjeld den kommunale vegen, vart det opplyst at den skal få fartsdumparar og skilting med 30 km.

Tolv og eit halvt år har Torunn venta. Må vi vente til nokon vert påkøyrd før det skjer noko?

Etter at Offentleg spørjetime var over, var det Setesdal vidaregåande skule ved rektor Birgit Attestog som fekk ordet til å fortelje om Noregs lengste skule.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *