Blogging

Share

Aftenposten skriv i dag at få topp-politikarar brukar bloggar. Dei har intervjua Lars Sponheim, som ikkje vil skrive sjølv, Dagfinn Høybråten, som blogga i valkampen og Erna Solberg som meiner det er godt nok når ho skriv på NA 24. Eg har ikkje funne stykket på nettet til no, men avisa fortel at Carl Bildt og Heikki Holmås bloggar. Her er lenke til Heikki sin blogg: http://heikki.no/
Og Carl Bildt har denne bloggen: http://carlbildt.wordpress.com/ Bloggen hans heiter Alle dessa dagar.

Og så er det meg då. Eg er ikkje topp-politikar, no er eg ikkje politikar i det heile tatt. I fagorganisasjonen kallar dei meg senior, folk som er over 55 får ein slik merkelapp. Men eg skriv blogg og sjølv om eg har hatt pause sidan torsdag, prøver eg å skrive kvar dag. Det går mot 500 innlegg på bloggen her og over 55.000 sidevisningar sidan 1. november i fjor.

Det er mange som bloggar om privatlivet. Det er betre å blogge rundt eit tema, tykkjer eg. Å blogge med utgangspunkt i Valle radio, gjer at temavalget kan vere ganske vidt. Erfaringa er at om ein bloggar dagleg, får ein mange som les. Men no kan du skrive deg opp på lista over dei som abonnerer på bloggen, så får du det som epost når eg har skrive eit nytt innlegg. Enno er det ikkje så mange som har teke i bruk den tenesta, så det er god plass til fleire.

Av andre kjende personar som blogger, vil eg nemne Oddbjørn Evenshaug. Den kjende pedagogen og misjonsleiaren har sin eigen blogg. http://evenshaug.blogspot.com/ Han skriv ikkje kvar dag, men minst kvar veke om aktuelle spørsmål i kyrkje og samfunn. Før helga skreiv han om Rally Norway, men han hadde ei eiga vinkling på saka. Ta turen innom bloggen hans og les. Her er lenke til ei side om han på wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Oddbj%C3%B8rn_Evenshaug Nettleksikonet som alle kan redigere og som eg er svært fascinert av, vil denne veke runde 100.000 artiklar. Ta deg gjerne eit sveip rundt om i det ved å klikke på dei blå lenkene. Du vil verte overraska over kor mykje interessant du finn der.

Blogging er ein fin måte å få sagt noko til andre på. Under føresetnad at nokon les det ein skriv, då. Takk for at du tok deg tid til å lese dette.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *