Ei natt på E-18

Share

I dag var eg til ein kontroll på Sjukehuset i Kristiansand. Der møtte eg ein lege som har ein dag i veka på Mandal sjukehus, som regel onsdagane. Sist veke var han i Mandal onsdag og skulle heim til Arendal der han bur. Han kom av garde litt seint, klokka var vel mellom seks og sju, fortalde han. Ved Sørlandsparken fekk han melding om å køyre om Birkeland, og så vende han mot E-18 att. Hadde han halde fram til Hynnekleiv, så hadde han kome seg heim. I staden tok han vegen mot Lillesand i krysset på Birkeland. Det skulle han ikkje ha gjort, for han vart ståande på E-18 heile natta og kom ikkje heim før klokka 9 neste morgon, då skulle han for lengst ha vore på jobb på sjukehuset i Kristiansand.

-Det vart ei lang natt, sa han. -men eg leid ikkje noko naud, og dei eg såg på vegen, såg ut til å ta det med ro. Sjølv om dei hadde barn med seg i bilen, tilpassa dei seg situasjonen. Men det er jo litt utruleg at ein tur på 80-90 kilometer skal ta 15 timar. Me som var i Arendal den natta og køyrde om Evje utan å ha særlege problem, lurte nok på kvifor ikkje politiet informerte om den vegen. Mange kunne vore sparde for ei natt på vegen om om dei hadde fått vite at Arendalsvegen mellom Evje og Froland var utan føling med uveret.

Heldigvis er det ikkje ofte ein opplever noko liknande. I avisa i dag var det ein del kritikk av handlingslamma kommunale etatar og handlingslamma vegvesen. Heldigvis var politiet på høgd med situasjonen og såg til at dei fleste fekk den hjelpa dei trong. Så får vi krysse fingrane og håpe at det går lenge til neste gong.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *