Ingen ny rekord i januar

Share

Eg har av og til skrive om sidevisning og besøkstal her på bloggen. Det vart ingen ny rekord i januar, det skulle også noko til, i desember var det 1000 besøk og talet på sidevisningar var 11.332. I januar vart det 8.323 sidevisningar og 961 besøk. Men sjølv om det var 3000 færre sidevisningar, var det bare 39 færre besøk. Det tykkjer eg er godt. Eit besøkstal på om lag 30 kvar dag er greitt nok for denne bloggen, som ikkje tek sikte på sensasjonar, men som heller vil spegle livet rundt Valle radio.

Diverre har eg ikkje fått høyre dei to siste sendingane. Sist onsdag var eg i London og fredagssendinga 2. februar hadde eg heller ikkje høve til å få med meg. Difor vert det ikkje nokon store referat frå desse sendingane med mindre andre skriv noko og sender meg. Då kan eg leggje det ut på bloggen.

Det er mange som spør om korleis det går med Valle radio når vi kjem i prat. Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi saknar Hallvard Kjelleberg som inspirator og leiar, men etter mi meining fungerer det framleis å lage radio. Mange lurer på korleis det er mogleg å finne noko å lage radio om i ei så lita bygd som Valle. Men det ser ikkje ut til at kjelda med emne ein kan ha som grunnlag for program, kjem til å tryta. Nye vinklingar og nye idear dukkar opp når ein minst ventar det.

Av og til kan det vere slik at idear til kva eg skal skrive på bloggen ikkje kjem av seg sjølv. Men som regel finn eg eit tema. No nærmar det seg 500 artiklar i alt. Talet på sidevisningar er passert 50.000

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *