Nyhetstimen på Valentinsdagen 2007

Share

Det er Valentinsdagen i dag, men det vil nok ikkje prege sendinga i særleg grad, sjølv om det nok vil verte nemnd, kanskje særleg i fyrste innslaget i kveld. Grete Hasla kjem i studio for å fortelje om aktivitetar hos **Hasla, Sylvsmia i Valle sentrum** og om respons etter at dei har vore på messe på Lillestrøm. Sjå
http://www.norskdesign.no/utmerkelser/mfgd/grafisk/2004/dbaFile7717.html
og http://www.hasla.no/hoved.html

Etter Grete kommer Gjermund Espetveit og skal fortelle om **Otra Kraft** http://www.otrakraft.no/ På heimesida står det «Lukerevisjon og tunnelinspeksjon Brokke kraftverk» og det får du vite meir om i kveld.

Bua på Rysstadmo har blitt ei **englebu**, fortel Ellen Jansen i eit intervju eg gjorde med henne før ho drog til Danmark i dag tidleg. Ho fortel meir og om du vil høyre.

Til slutt i kveld kjem Olav K. Nomeland og vil fortelje litt om korleis det er å køyre på leiteaksjon når det er dårleg ver i fjellet. Då tenkjer eg nok at tida går fort mot klokka 19.

I **Kommunen informerer** er det økonomiavdelinga som har ansvaret. Då er det som oftast økonomisjef Wenche Gundersen som stiller opp i radioen. I tillegg til nytt frå eiga avdeling vil ho sikkert nemne at i morgon får Valle ei avdeling som heiter Utviklingsavdelinga. Men om ho vil nemne at Valle kommune er interessert i å leige bustader til flyktningar, veit eg ikkje. Dei er det, men det står ikkje på heimesida, enno. Sjå http://www.valle.kommune.no/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *