Problemveke 2

Share

Som eg skreiv i går, var det ikkje så lett å få til sendinga for onsdag 21. februar. Bjørgulv T. Berg vart liggjande heime i influensa, og kunne ikkje ta sendinga. Ørnulf Hasla, som eigentleg var sett opp, skulle levere ordførarkjede i Marnardal denne kvelden og hadde difor bede Bjørgulv overta kvelden. Så difor fekk eg telefon med spørsmål om eg hadde høve til å overta. Men det hadde eg ikkje, for eg skulle dra saman med Berit Follerås frå Hovden til Arendal på eit møte i Utdanningsforbundet, og planen vår var å dra 16:15, når bussen frå Hovden kom til Valle.

Eg lova Bjørgulv å sjå kva eg kunne få til. Theis kunne ikkje, for han hadde messe i Bykle, det var ikkje bare Kong Harald sin fødselsdag (70 år) det var også askeonsdag og gudstenester i heile dalen. Men Helge Dahle kunne. Han er sett opp til å ha påskesendingane, og no fekk han halvannan time å øve seg med aktuell time og kommunen informerer.

Sjølv fekk eg ikkje høyre sendinga, men eg fekk positive tilbakemeldingar på at det hadde gått greitt for han, sjølv om den som eg snakka med trudde han var litt nervøs til å begynne med. Men då han vart varm i trøya, gløymde han å vere nervøs, og då gjekk det greitt.

I avisa stod det Bjørgulvs time med gjester, men då vart det trekkspelmusikk frå Ånund K. sine innspelte program, og så kom Øyvind Jacob i studio og hadde ein halv time med musikk før Britta Lise gjekk på lufta til open sending.

Sjølv sat eg i bilen på veg til Arendal då klokka var seks, men eg tenkte jo litt på korleis det gjekk. På Hotell Maritim i Arendal var internett nede, så det var uråd å høyre noko. Men kveldsmaten var oppe, så det var råd å ete litt, og det var godt. Eg og Berit snakka på turen om kor uveret dei melde om var, vegen var god og turen gjekk greitt nedover. Fyrst då vi kom til Blakstad merka vi noko til at det var kome mykje snø. Men vi lista oss inn i eit parkeringshus som låg vegg i vegg med hotellet, og kom oss altså vel fram. http://www.arendal-maritime-hotel.no/

I dag vart møtet vi skulle på avlyst, så vi lo litt til kvarandre då vi drog heim att. Dei einaste som kom seg til Arendal til dette møtet, var dei to frå Bykle og Valle, og dei måtte reise heim med uforretta sak. Vi lurte jo litt på om vi skulle få ein natt til i Arendal, det kunne vi godt hatt på det koselege hotellet, men vi kasta oss ut i det og då vi passerte Stoa, var i grunnen problema over. Turen gjekk fint, og mellom Vegusdal og Evje var det til og med sol.

Problemveke har eg sett som overskrift på denne artikkelen og det eg skreiv i går. Det syner seg ofte at dei problema ein trur ein vil møte, ikkje kjem når tida er inne for det. Vi såg på TV om problem på E-18 mellom Kristiansand og Grimstad, og mange lurte nok på om vi var innesnødd eller noko liknande. Det var vi ikkje, vi hadde ein triveleg tur, sjølv om møtet ikkje vart noko av. Eg trur det er lurt å ikkje bekymre seg på førehand, som oftat vert det ei løysing. Slik vart det denne gongen og, både med turen og med Valle radio.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *