To gonger i nyhetene

Share

To dagar etter kvarandre har Setesdal vore i nyhetene. Fyrst var det Jan Olsen sitt Cuba-prosjekt i går, i dag var det mindre hyggeleg, for dei leita etter gruppe tyske speidarar som ikkje kom fram dit dei skulle. Heldigvis synte det seg at dei hadde gått til ei hytte og var i god behald, men det var mange som var ute og leita etter dei før det vart konstatert at dei ikkje leid noko naud.

Fjellet er flott om vinteren, og folk køyrer i tusental frå Kristiansand til Hovden, og no etter kvart og til Brokke, for å gå på ski. Men om uveret kjem, er det ikkje til å spøkje med. Mange er det som har late livet i norsk vinter på fjellet. Difor er det godt at nokon vil ta den tøffe jobben det er med å rykkje ut og leite. Heldigvis er det lettare no, snøscooter gjer nyttig arbeid for alle som vil fram.

Lokalkunnskap er viktig. Difor er det naudsynt at folk i bygdene får høve til å halde den ved like. No når ein ikkje i like stor grad som før nyttar heia, er det lett for at denne kunnskapen døyr ut om ein ikkje på ulike måtar finn høve til å halde den ved like.

For nokre år sidan fortalde Knut O. Nomeland i Valle radio om korleis dei slo høy langt oppe på fjellet og la det i små høybuer. Når vinterføret kom, var det å dra innover med hesten for å hente høyet. Lange dagar i fjellet gav stor kunnskap om fjellet og stor respekt for naturkreftene. Dei som brukte heia på denne måten er snart ikkje mellom oss lenger. Margit Hovet fortalde i ein telefonsamtale på Open sending om korleis ho var på støylen ved Bossbu. Det er klart at dei som har slik erfaring veit mykje om fjellet både i godver og uver. Truleg er det uråd å bringe den kunnskapen vidare til nye generasjonar, for den kan ein ikkje få ved å lese, om dei no hadde skrive det dei veit. Den må ein lære ved å erfare det som ein kan erfare når ein opplever det.

Kor vil eg med det eg skriv no? Jo, eg meiner at jo mindre bygdefolk får kjøre i heia om vinteren (snøscooter), jo vanskelegare er det å halde oppe kunnskap som kan vere livsviktig når uhellet er ute og skigåande turistar ikkje kjem fram dit dei skal. Det er ein av grunnane til at politikken ein fører på dette området, ikkje er populær hjå bygdefolk. Nyttekøyring og faste løyper er vel og bra, men heia er mykje større og ein treng å vere kjent andre stader enn i dei faste løypene.

Så får eg gå ned av såpekassen min for i kveld. God natt til alle lesarar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *