Eit halvt tusen

Share

No runda eg 500 artiklar på bloggen. Eg starta å skrive 1. november 2005, det er 499 dagar sidan. På denne tida har eg skrive 500 innlegg på bloggen. Ikkje alle har vore like lange, ikkje alle har det vore så mykje arbeid å lage. Til dømes har eg ganske mange artiklar i gruppa Program, dei er stort sett oversikt over programmet denne veka. Andre har nok kravd litt meir arbeid.

I snitt har det altså blitt ein artikkel pr. dag i denne tida, sommar som vinter, anten vi har sending eller ikkje. Det syner seg at om eg har innlegg dagleg, så vil folk kome innom å sjå på det eg skriv. Eg nærmar meg 60.000 sidevisningar. Det eg har skrive, har spegla livet i bygda og i radioen og syner mange fasettar. Ofte vil ein ikkje tru at det kan vere så rikt i ei lita bygd. Etter kvart som eg har skrive, har eg oppdaga at eg bare har vore innom ein lite flik av alt stoffet eg kunne ha skrive om. Men slik vel det vel vere.

Eg takkar deg som har lese og gjeve oppmuntring og kommentarar. Du kan og abonnere på bloggen og få melding heim i e-postkassa di når det er nytt innlegg. Ennå er det ikkje så mange som har gjort det, men du er velkomen til å verte med på lista.

Fastebetraktning som kåseri tysdag 13. mars

Share

Jeg så en mann, forpint og slått,
på vei til Golgata.
Hans vandring var så pinefull,
et kors de på ham la.

Slik syng Åge Samuelsen, og i og med at det er fastetid, spelte eg songen i Valle radio i kveld i ein versjon av Jon Petter og Arnfinn Nordbø. For det er ei av sidene med fasteperioden, at ein skal fylgje Jesus på vegen opp til Jerusalem, til Golgata. The Passion of the Christ er ein film som for nokre år sidan leverte dette som ein svært sterk bodskap i tida før påske. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/The_Passion_of_the_Christ Filmen fekk ein del reaksjonar, det er lettare å distansere seg frå volden som ligg i påskebodskapen om ein les den eller høyrer den. Å sjå det på film vart for sterkt for mange.

Fastetida er tida då ein skulle renonsere på noko og heller leggje det i fastebøssa til Kirkens Nødhjelp sin Brød for verda-aksjon. Konfirmantane skal kome rundt i Valle og hente bøssene 28. mars. Det er å håpe på fulle bøsser denne dagen, vi har det så godt, og akkurat no har vi fått løn, så det skulle vere lett å leggje til sides noko. Kirkens Nødhjelp starta sitt første langsiktige utviklingsprosjekt i Abakaliki i Nigeria i 1961, det er snart 50 år sidan. I alle åra etterpå har dei prøvd å lindre naud og å hjelpe folk som lid. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Abakaliki

Det er ikkje bare hjelp å få. No syng Jon Petter og Arnfinn Nordbø I dag er det nåde å få.