Å reise med tog

Share

I helga kosta eg på meg ein tur med tog frå Kristiansand til Oslo og tilbake. Det var ei god oppleving, og eg kan gjerne anbefale det. Å reise med Comfort-klasse var spesielt gjevt, det gjorde eg på laurdag morgon. For 75 kroner ekstra får ein aviser, kaffe, Internett og betre plass til føtene, noko mine føter sette spesielt pris på. Eg valde å bruke tida til ei bok: Fire dager, åtte år av Line Baugstø. Den skal eg kome tilbake til her på bloggen. Men du kan få lenka til artikkelen om henne på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Line_Baugst%C3%B8

Vel fire timar tek turen til Oslo, og det er mykje meir behageleg enn å å køyre sjølv, så om ein bare skal noko i sentrum, og ikkje treng bil, er det å føretrekkje.

På heimturen var det ikkje plass på comfort, og då var det heller ikkje billege billettar å få tak i. Likevel valde eg toget framfor å sitje i buss nedetter e-18 denne sundagen. Mange hadde gjort som meg, det var mykje folk med toget. Men komforten var god også i dei vanlege vognene, sjølv om føtene mine nok hadde sett pris på den ekstra plassen også på heimturen.

Boka fullførte eg, og ho vert tema i tysdagens Bokaktuelt. Ho er nominert til Sørlandets Litteraturpris. I fjor var det Annemor Sundbø som vann prisen, ikkje minst på grunn av stemmene frå alle lydarar på Valle radio; det sa ho i alle fall sjølv. Vi sender tankar til henne og oppmodar folk om å lese bøkene og stemme på Sørlandets Litteraturpris sine kandidatar også i år. Lån ei av bøkene på Biblioteket og ta deg ein tur på toget.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *