Det veks

Share

Prosjektet mitt veks. Kva for eit prosjekt? spør du. Prosjektet med å skrive om Valle på Wikipedia. Wikipedia på bokmål runda 100.000 artiklar sist laurdag. I kveld er det 1588 fleire, så leksikonet veks kvar dag med mellom 150 og 200 artiklar. 57 av dei er om Valle. Stoff som er relatert til Valle kan vere knytt til folkemusikk, geografi, litteratur og politikk. Denne veka har det kome til fire artiklar, mellom anna om Gunnar T. Rysstad og Birgit Rike Lund. Ikkje like lett å få det til å vekse på nynorsk. Der har det ikkje auka noko i kategorien Valle.

Talet på besøk på bloggen har ikkje vakse no, tvert om har talet gått ned i februar med 80 besøkjarar. No var det jo ikkje så mange dagar, så ein får trøyste seg med at det sikkert stig att i mars, som har fleire dagar. Du som vil abonnere på bloggen kan skrive epostadressa di til høgre for teksten her, så får du tilsendt melding når han vert oppdatert. Ha ein fin sundag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *