Ein artig radiokveld

Share

Onsdag 7. mars vart ein artig radiokveld med eit svært variert program.
**Lønsamt sauehald**
Det starta med Torleiv Jore som var i studio og snakka med Bjørgulv om lønsamt sauehald. Bakgrunnen var at det var årsmøte i sauelaget, og Torleiv meinte at det må eit krafttak til for å få opp lønsemda, ikke fyrst og framst for kjøtproduksjon, men for å hindre at kulturlandskapet gror att.
**Regionrådet møter Agderbenken**
Ein telefon til Steinar Kyrvestad som kunne fortelje at i morgon tidleg skal Setesdal Regionråd ha møte med Agderbenken. Hovudsak er finansiering av Riksveg 9, som treng meir pengar for at ein skal kunne starte på parsellen Tveit-Langeid når ein er ferdig med Ose-Tveit.
**Sesilåmi**
Tarald Myrum fortalde på telefonen om arbeidet med å fornye Sesilåmi. I fjor var det rekordtal når det gjeld påmelde, i år har det vore lite snø vestanfor, noko som fører til at talet på påmelde går ned. Men ein har fått kjøre opp grunntrase to veker før rennet, og det vil hjelpe for dei som vil førebu seg betre. I år vert administrasjonen flytt opp på Furestøyl, det er eit steg i rett retning.
**Ny entreprenør for brøyting og vedlikehald**
Sigurd Wiberg i Vegvesenet fortalde om kva det fører med seg når Risa får vedlikehald på vegen i Setesdal og Mesta må finne anna å gjere. Dei vil delta som entreprenør i dalen sjølv om dei ikkje vann anbodet på vegen, og folk vil nok få andre oppgåver.
**Konsertar**
Teknikar Inga Flateland fortalde om ein artig konsert med Fliflet/Hamre i Bykle i går kveld, der det diverre ikkje var meir enn 14 til stades. Så minna Bjørgulv om konserten på Nomeland Bedehus fredag 9. mars kl. 19 med Åshild Rosland Hvass og døtrene hennar, før dei snakka om konserten neste torsdag med folk frå Bit for Bit.

**Kommunen informerer**
Programmet vart erstatta av Gamle svisker med Ånund K, då det ikkje kom nokon frå kommunen i kveld.

**Pilegrim**
Etter Tankar frå Bibelen vart det ein interessant samtale med Birte Løvåsen, som er tilsett i Bykle for å førebu pilegrimsvandring frå Breive til Røldal. Det skal vere fire turar til sommaren, kvar tur på fire dagar, og med plass til 40 deltakarar. Det var interessant å høyre på, før Ann Christin Jacob hadde ein halv time med musikk.

**Opi sending**
Her hadde Harald Haugland steppa inn for Rolf Erik Homme, som hadde influensaforfall. Eg hadde laga rebusar med utgangspunkt i norske musikarar, og så spelte vi ein melodi av den aktuelle artisten. Hundre telefonar gav telefonvaktene Bjørg Ragnhild Trydal Jansen og Anna Rysstad nok å gjere, og lokale lyttarar så vel som folk frå Arendal, Oslo og Nederland kom gjennom og prata i sendinga i kveld.

Premiane gjekk til
Ryggsekk – Lisbeth D. Homme, Valle
Krus – Hans Olav Lauvstad, Rysstad
Loddebolt – Roy Jahnsen, Oslo
Pilleeske med alarm – Siri Johannessen, Nederland
Klokke med radio – Annbjørg Trydal Jahnsen, Rysstad
Osteknivar – Torhild Lunden, Valle

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *