Fire dager, åtte år

Share

Dette er ein roman av Line Baugstø. Den kom ut i 2006 og handlar mellom anna om det som skjedde då Fædrelandsvennen vart sprengd i lufta i februar 1972. Det er alt blitt 25 år sidan, og for mange av oss hadde det nok gått i gløymeboka. Men Line Baugstø, som var 11 år då det skjedde, hugsar det. Ho vart fødd i Kristiansand, men bur no på Ski i Akershus.

**Lenker**
Her er lenke til eit intervju med henne i Fædrelandsvennen då boka vart nominert: http://www.fvn.no/kulturpuls/litteratur/article448380.ece
Og denne lenka fører deg til omtale av boka Dødvinkel, som var nominert til Sørlandets litteraturpris for eit par år sidan.
http://www.bt.no/kultur/litteratur/article25051.ece
Og her er lenka til artikkel om henne på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Line_Baugst%C3%B8 Der er og lenke til omtale av denne romanen. Til slutt tek eg med lenke til Sørlandets litteraturpris, der du kan stemme på boka.

**Om boka**
Boka handlar om folk som på ulike måtar er knytt til avisa. Sigurd er journalist, aleinemora Kristine har arbeidd som korrekturlesar der for lenge sidan og sonen Tor Arne på 15 er avisbud. Då han vert henta på skulen av politiet, vert mora redd at han kan ha vore innblanda i saka, ho synest at ho har mista den gamle kontakten med sonen.

Hendinga skakar ikkje bare opp byen, men også desse personane må på ulike måtar tenkje gjennom livet sitt.

Setesdal er så vidt med i boka, for Kristine vart skild frå mannen sin etter at han hadde vore på hyttetur til Hovden med ei anna kvinne. Dette vart kjent då dei snødde inne og ikkje kom heim att til avtalt tid. I åtte år sidan dette hende har ho kjempa for å halde heimen saman for seg og sonen, men ho føler at han veks frå henne. I si naud tek ho kontakt med Sigurd, som ho var kjærast med før ho gifte seg. Han står midt oppe i alt arbeidet som eksplosjonen førte med seg for dei tilsette i avisa, men tek seg til til å prøve å hjelpe henne.

Lån romanen på Valle folkebibliotek og les han. Han er lett å lese og det er interessant å få friska opp hendingane frå ei svunnen tid. Samstundes syner Baugstø at det er råd å skrive ein roman der personane held ut i dei samanhengane dei er i, utan å bryte ut frå dei. Kristine finn til og med plass for omtanke for familien til gjerningsmannen midt i alt det ho strevar med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *