Heilage stader

Share

Tysdag hadde eg dette kåseriet i Valle radio som innleiing til programmet Salmekveld klokka 19:30:

-Eit lokalsamfunn skal ha ein heilag stad. Det var biskop Olav Skjevesland som sa det til til Aftenposten i ein artikkel siste dagen i februar. Ei kyrkje til nedfalls fylte det meste av førstesida under overskrifa: Tvunget til å pusse opp for 750.000 kroner. Ingen bruker den. Kommunen ville selge.

Så blar eg rundt og finn bilete av 18 kyrkjer på side 2 og 3 i avisa. Under er ein artikkel om Hvilke kirker skal ut. I samband med den seier biskopen vidare: -Vi har lært i religionsforskningen at lokalsamfunnene trenger det. Når det ikke er der, er det noe som mangler. Det holder det lokale samfunnet intakt, seier Olav Skjevesland.

Det er over 1600 kyrkjer i Norge. Fem av dei ligg i Valle og Bykle. Særprega gudshus som har vore ramme om sorg og glede i mange år.

I artikkelen i Aftenposten les eg vidare om kyrkja i Dønnesfjord i Hasvik kommune i Finnmark. Den står på ei nes på ei øy der ingen bur lenger. Det er bare gudsteneste ein gong om året, midt på sommaren. Då prest og kommune vurderte å selje kyrkja for ei krone, sa Riksantikvaren i Oslo nei. Kyrkja der er det einaste byggverket som stod att då tyskarane brende alle hus i kommunen. Dei rørte ikkje kyrkja. Midt i krigen var det ein heilag plass dei ikkje fekk seg til å rasere. Riksantikvaren ville frede kyrkja, og det vart laga eit spleiselag som skaffa pengane til å pusse henne opp. No står ho på biletet, nymåla med skodder framfor vindauge og dør og klokkegluggar på neset mot Ishavet.

I den same reportasjen er det 17 andre kyrkjer, gamle og nye, store og små. Frå Kong Oscar IIs kapell i Finnmark til Immanuelkirken i Østfold fortel dei om det biskopen minner oss om: Eit lokalsamfunn treng heilage hus. I år skal det vere oppussing i Hylestad kyrkje. 1838 til til 2008, ein høveleg alder for eit vakkert gudshus. Men ho treng stell, og i vår skjer det. Så får det bli ein pause i bruken inntil vidare.

Du finn meir stoff om Dønnesfjord kapell på wikipedia, sjå

http://no.wikipedia.org/wiki/Dønnesfjord_kapell

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *