Ny månad

Share

Så har mars starta, midt i vinterferien. Før vinterferien starta, fekk vi jo meir ver i media enn i Valle, for å seie det slik, avisene på kysten har vore fulle av stoff om snø og brøyting det meste av tida. Radio og TV frå Sørlandet har fulgt opp. Balansen i dekkinga av regionen hadde nok vore noko betre om distriktskontoret til NRK hadde vore på Evje og ikkje på Tangen i Kristiansand.

I alle fall vil de som les bloggen min vite at dei som hadde vald å køyre om Evje, ikkje hadde problem å kome seg fram i høve til dei som køyrde E-18. Truleg bør Fædrelandsvennen flytte frå Kristiansand til Evje når Agder blir eitt fylke, slik at dei kan ha rett perspektiv på landsdelen og ikkje bare tenkje på sol, sommer, Sørland og tean i tanga. I alle fall verkar det ikkje som om nokon har tenkt den tanken at indre veg mellom Arendal og Kristiansand er eit betre val enn å stå ei heil natt på hovudvegen. Sjølv om det tek litt lenger å køyre, så er det betre å kome fram enn å bli ståande mellom vogntoga utan å kome fram.

For meg som har har hatt vinterferien i Mandal har det og vore nok snø. Eg trur mest ikkje er har sett så mykje snø her sidan 1970, men då var det meir, og han låg lenger. Med mars månad og ei høgare sol vil det nok ikkje gå så lenge før han renn bort att.

I vinterferieveka hadde eg ikkje tysdagssending. Onsdagssendinga var kommunestyremøte, og i serien første fredag i kvar månad var det Evje sin tur. Difor kunne tankane våre handle om andre ting i denne vinterferieveka. Det har vore godt, men no er det klart for ein ny innsats til beste for Valle radio. Snart er vi i normal gjenge att, og godt er det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *