Som barn igjen

Share

I dag vil eg skrive om noko som eg har tenkt på, men som eg ikkje har teke opp i radioen til no. Det gjeld utlendingar og førarkort. Svært mange av dei kan kjøre eitt år på sitt gamle førarkort når dei kjem til Noreg. Men så må dei få nytt sertifikat.

I samband med dette ser det for meg ut til at svært mange av dei som kjem frå land utanom EU må starte på same nivå som norske 16-åringar: Grunnkurs på 12 timar før dei kan begynne på kjøreskolen. Pris mellom to og tre tusen kroner. For folk som bur i Valle vil det ofte vere slik at dei må reise til Evje. Der er det kurs frå klokka 16 til 19 fire kveldar.

Det medfører at ein må reise frå Valle klokka 08.30. Så må vedkomande vandre frå butikk til butikk eller kafe frå klokka ti til klokka fire, då startar kurset. Men når det er slutt, er bussen opp att gått, så det vert å bu på Dølen hotell til neste morgon, og så ta bussen som er i Valle klokka 11.30. Det vil seie at dei må bruke 27 timar på eit tretimars kurs. Kva prisen for mat, buss og hotell er, vil eg ikkje spekulere i. Det må dei gjere fire gonger for å ta kurset. Omkostningane rundt kurset vert då større enn kostnaden for heile kurset.

Min konklusjon er at dette er urimeleg. Men slik er stoda om du ikkje har eit nettverk av vener som vil bruke ein del av dagen sin på ein tur til Evje og vente i tre timar på å kjøre deg heim att. Ikkje mykje å gjere på Evje tre timar ein slik dag.

Når den det gjeld har hatt sertifikat i heimlandet og truleg kjørt i mykje større trafikk i mange år, då verkar det noko firkanta at ein må starte med same kurset som ein norsk 16-åring, som, om han har snike seg til ulovleg køyring med pappa, på ingen måte har same trafikk-kompetansen som ein med sertifikat frå heimlandet og erfaring frå bilkøyring der.

Etter mi meining burde ein køyrelærar kunne ta imot slike elevar på direkten, han vil fort finne ut om dei har bløffa seg til sertifikatet dei hadde i heimlandet.

Meiner du at det eg fortel om er eit konstruert tilfelle. Det er ikkje det, folk som bur i Valle no har opplevd at slik er det.

Det er bare slik, det er etter mi meining ei noko lettvint forklaring vi har andsynes vituge folk som ikkje lenger har kunna bu i heimlandet, og som så har funne asyl i dalen vår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *