Bo Giertz

Share

Har du lese Steingrunnen og Ridderne på Rhodos?

Det var Bo Giertz som skreiv dei, mannen som i 21 år var biskop i Göteborg. I dag kom eg over han på Wikipedia, og det gav meg ein del tankar i høve bøker eg las for lenge sidan. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Bo_Giertz

Det er litt rart å tenkje tilbake på folk ein har møtt gjennom tidene. Utan å vere heilt sikker på kva tid det var, meiner eg at eg høyrde han tale ein gong. Så les eg biografien og ser at lange linjer vert trekte. Mor hans var dotter til mannen som grunnla Ericsson, du veit den mobiltelefonen. LM Ericsson var fødd i 1846, det er 160 år sidan.

Bo Giertz kom til å høyre eit foredrag av Natanael Beskow, den kjende svenske predikanten, og det endra livet hans. Frå å vere ein ateistisk student vende han om og tok til med teologien. Etter ti år som kapellan vart han utnemnd til biskop. Dei to romanane eg nemnde over, er spesielle bøker som på ulike måtar fanger lesaren, anten det handlar om presten som slit i kyrkjelyden eller tempelriddaren som strevar på sin måte.

To av Beskow sine salmer finst i Norsk Salmebok. Nr. 697 Ditt verk er stort, men veik er eg er omsett til norsk av Ragnvald Indrebø, Nr 860 Å salige dag som i håpet vi venter er omsett til norsk av Øystein Thelle.

Den som leitar etter slike lange linjer, vil truleg lettare forstå mykje av det som skjer i samfunnet. Den engasjerte og konservative biskopen i Göteborg, som døydde for ni år sidan, var ein sterk talsmann mot kvinnelege prestar og prega nok synet til svært mange av dei som høyrde han og las det han skreiv. Han var grunnleggjar av organisasjonen som vi i Noreg kjenner under namnet For bibel og bekjennelse.

Sjølv om ein i dag ikkje ser likt på alle ting, er det ikkje tvil om at Bo Giertz inspirerte til tru og misjon i den tenesta han fekk, slik han sjølv var blitt inspirert til å vende seg bort frå språkstudiet for å fylgje Jesus, som det står på wikipedia.

Vi kan ha ulike grunnar for dei vala vi har gjort. Når vi no går inn i den stille veka kan det vere eit godt høve å sjå på dette i lyset Golgata. Når det kjem til stykke er det vendepunktet i verdssoga etter Bibelen sitt ord så vel som etter Bo Giertz sitt vitnemål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *