Fest for Theis

Share

Det blir ein stor fest i Bykle kyrkje til sundag. Det er jo ikkje uvanleg at ein prest har ein del avskilsarrangement når han skal slutte. Det vert gjerne eit i tilknytning til kvar kyrkje han har hatt teneste i. I Bykle slår dei seg saman, det vert bare i den nye og fine Bykle kyrkje, ikkje noko på Hovden etter det eg forstår.

I presentasjonen av arrangementet i Byklaren står det:
**Festkveld i Bykle kyrkje sundag 15. april klokka 17.00 for Theis Salvesen**
Desse medverkar:
*Sara Paskaleva, Lars Rysstad Nordgreen og Trym Bjønnes
*Randi Steinsholt, Kirsten Bråten Berg, Pavlina Sikjova og Tonhild Kråkenes
*Kulturskuleelevar frå Bykle og Valle
*Rønnaug Torvik og Tor Hoslemo
*Daniel Sandén og Sigurd Brokke
*Bykle og Fjellgardane barnekor
*Bykle Songlag og Syngjandi
*Dansegruppa ZOTGA og Bykle musikkorps

Vel møtt til ein festkveld med god musikk, parodiar, mat og helsingar.
Gratis inngang. Arrangør: Bykle sokneråd

Lenke til dette finn du her: http://www.bykle.kommune.no/dynamisk/byklaren_public.php
Frå lenka kan du laste ned Byklaren frå april og finne nokre fine bilete av Theis.

Kyrkjesjef Sissa Ringstad var i radioen onsdag 11. april og fortalde om dette. Ho kunne og fortelje at Valle og Hylestad sokneråd har lagt opp til avskilsmarkering 1. pinsedag i samband med gudstenesta denne dagen og med festsamvær i storstoga etter gudstenesta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *