Kronestykket

Share

Det vart ein innhaldsrik kveld i Valle radio i kveld. Mange grunnar til det, men eg likte godt å prate med Ingrid Austlid Rise frå Det Norske Myntverket på Kongsberg om kronestykket. Ho fortalde om prosessen som førte til at motivet på Hylestadportalane no i ti år har vore på kronestykket.

Bakgrunnen var at ein valde å ha to myntar med hol i når ein skulle ha ein ny myntserie i Noreg. Dermed måtte ein starte frå nytt med design, og ho hadde over 70 utkast som var lagde fram for ein komite utan at det var semje om korleis det nye kronestykket skulle vere. Dei meinte at det skulle vere noko frå gammal tid, og så såg dei gjennom skisseboka ho hadde og peika på skissa med basis i Hylestadportalane, som ho hadde sett på Historisk Museum. -Prøv å gjere noko med det, sa komiteen.

Og slik vart det. 80 prosent kopar og 20 prosent nikkel, på Myntverket i Kongsberg har dei ein maskin som lagar 600 myntar i minuttet, og kronestykket har etter kvart fått så liten verdi at det er stort svinn og dei lagar fleire millionar myntar kvart år, sjølv om ein mynt kan vare i 30 år.

Ingrid Austlid Rise fortalde og om Sigurd Fåvnesbane og soga bak fuglen på kronestykket, om Sigurd som slikka blod og lærte å forstå kva fuglane sa. Ho meinte at portalane gav mange bilete som presten kunne bruke og fortalde og at soga finst i mange land og med mange variasjonar.

Sidan fortalde ho om Det Norske Myntverket, som ikkje bare lagar myntar, men som også lagar medaljar av ulike slag i mange seriar og at det er mange som samlar på dette. Ho heldt i kveld på med ein medalje knytt til H. C. Andersen i ein serie dei har i Danmark. Medaljar er ikkje bare ei utmerking, men formidlar ofte historie og kultur, og for formgjevaren er det ei oppgåve å sjå til at dette ligg i motiva på medaljen.

Her er lenka til Wikipedia sin artikkel om 1-krone (norsk mynt):
http://no.wikipedia.org/wiki/1-krone_(norsk_mynt)
Frå denne kan du leite litt rundt i myntverda eller gå til Hylestadportalane. Det er lenke både til Norges Bank og Hylestad kyrkje på sida.
http://www.dkm.no/default.asp?uid=43&CID=43
er ei side til Det Norske Myntverket med oversikt over myntserien vi nyttar i dag.
Og her er lenka til artikkelen om Ingrid Austlid Rise på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Ingrid_Austlid_Rise

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *