Natanael Beskow

Share

Ettersom eg skreiv om Bo Giertz i går, kan eg jo halde meg til svensk kyrkjeliv og skrive om Natanael Beskow i dag. Eg fann artikkelen på svensk wikipedia og omsette den til norsk, sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Natanael_Beskow

Som eg skreiv i går var det denne predikanten Bo Giertz høyrde tale då han tok valet om å verte prest. Det går fleire linjer frå svensk kyrkjeliv ved denne spesielle predikanten til Noreg. Mellom anna til biskopen i Bjørgvin Ragnvald Indrebø, som på grunnlag av ein tekst av Beskow skreiv eller omsette til nynorsk den salma som vi har på nummer 697 i Norsk Salmebok.
Indrebø: http://no.wikipedia.org/wiki/Ragnvald_Indrebø
Ditt verk er stort: http://no.wikipedia.org/wiki/Ditt_verk_er_stort

Det fine med wikipedia er at det kan sende deg ut på surfing til noko du ikkje visste. Lukke til med det.

Frå Ragnvald Indrebø kan du gå til Askrova bedehuskapell. Der var eg og talte ein gong tidleg på 1970-talet, medan eg var redaktør av Fiskerens Venn, Tidende for Den indre sjømannsmisjon. Den kyrkja skal feire 50-årsjubileum like over påske. Kanskje dei då syng salma av biskopen som vigsla kapellet der ytst mot havet: Ditt verk er stort men eg er veik når eg det fram skal bera. Men lat meg endå tena deg om det di makt kan æra. Ei slik bønesalme høver det fint å nytte også i påska.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *