Påska over

Share

Så er påska 2007 over. Eg har ikkje hatt kontakt med andre folk i radioen, så eg veit ikkje korleis sendinga gjekk 1. påskedag eller kven som vann premiane. Om det høver slik, vil eg poste meir informasjon når eg kjem tilbake til Valle.

På lista over sendingar står det ikkje noko onsdag, men eg kjem til å lage ei sending denne kvelden og. Det kjem eg tilbake til.

Tysdagssendinga 3. påskedag fylgjer velkjent mønster:

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har funne påskemusikk
21:00 Kyrkjebakken

I samband med bokaktuelt minner eg om at det tysdag 3. påskedag er siste frist for å stemme på kven som skal få Sørlandets Litteraturpris i år. Sjå her
http://www.aa.fylkesbibl.no/cgi-bin/webmail?form=litteraturpris2007
her kan du stemme. Om du ikkje veit kven du skal stemme på og vil ha eit godt råd frå Valle radio, så kan du stemme på Line Baugstø. Boka hennar er interessant og fortel ei historie som eg tykte det var godt å verte minna på: Både historia om då Fædrelandsvennen sitt avishus på Torvet i Kristiansand vart sprengt i lufta, og historia om tankar ein kan ha når ein lurer på om son min har vore innblanda i noko.

Sjølvsagt hadde det vore best å ha lese alle bøkene før ein gjev stemme. Men det klarer du ikkje i dag om du ikkje har gjort det før. Likevel vil eg oppfordre deg til å stemme på den boka du meiner bør få prisen. No er det siste sjanse. Dette er ein av dei få prisane der publikum har avgjerande ord med i laget om kven som skal få prisen. Juryen vel ut fem bøker, du vel ut den av desse som du meiner bør få prisen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *