Skjærtorsdag i Valle radio

Share

Som eg skreiv i går får eg ikkje inn Valle radio på Internett fordi eg ikkje lenger nyttar Windows. Men eg hadde ein prat med Niklos i dag, og han fortalde at sendinga så langt han hadde fått med seg, hadde gått av stabelen i god stil. Diverre hadde han problem med lydartilhøva, anten det skuldast radio eller andre tilhøve, så han fekk ikkje med seg alt, og når det skurrar, vil ein gje opp fortare enn om det ikkje er skurr i mottakaren. Eg vonar difor at det har vore gode tilhøve for dei fleste av dykk.

Niklos ringde meg for å snakke om sendinga når påske er over. Vi startar opp att tysdag etter påske, 10. april med vanleg tysdagssending og eg vil også prøve å få til onsdagssending 11. april, sjølv om den av ein eller annan grunn har falle ut av lista over sendingar.

Eg hadde sett pris på om nokon sender meg ein epost om påskesendinga skjærtorsdag eller annan aktuell informasjon, som eg så kan legge ut på bloggen. Send det til harhaugl at gmail.com (du må erstatte at med @ i mailadressa mi.

Langfredag 2007 i Mandal var ein fin dag med sol frå lettskya himmel. Ikkje alle dreg til fjells i påska, ganske mange bussar, bubilar og campingvogner hadde funne vegen til Sjøsanden i Mandal, etter det eg kunne sjå då vi tok ein spasertur på stranda i dag. Men det kalde veret, som sikkert er kaldare når ein kjem høgare, gjer at snøen held seg godt for dei som gjerne vil ha ski på føtene siste del av høgtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *