Som å hoppe etter Wirkola

Share

Setesdølen skreiv om programma i påska på leiarplass i fredagsavisa at det for Helge Dahle vert som å hoppe etter Wirkola når han skal ta over etter Hallvard Kjelleberg og leie påskesendingane i år.

Leiinga i Valle radio følgjer opp ein god tradisjon med påskesending i heile Setesdal både skjærtorsdagskvelden og om kvelden 1. påskedag. Sendingane byr på stort lotteri som er berebjelken i drifta av Valle radio resten av året.

Med dalebukser som hovudgevinst og ei mengd andre flotte ting å vinne, serier det seg sjølv at oppslutninga om lotteriet bør bli bra. I hytter og hus sit pengesterke lyarar og let seg rive med fram mot eit godt resultat. Hallvard Kjelleberg, som døydde i fjor, hadde dette som sine store sendingar. Di meir han greidde å drive inn i kontantar på dette leotteriet, di meri hadde han å boltre seg med resten av året. Både næringsliv og publikum generelt har difor slutta godt opp om lokalradioen sine påskesendingar, som i år blir leia av Helge Dahle.

-Klart det følest litt som å hoppe etter Wirkola, men eg har eit godt team med meg, og me vil ikkje prøve å kopiere Hallvard, men lage vår eiga sending med mykje moro, seier Helge Dahle….

Meir i morgon

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *