Stille stunder på veien hjem

Share

Dette er ei andaktsbok av H.E. Wisløff. Me fekk den i bryllaupsgåve i 1970, i dag skreiv eg om den på Wikipedia. Sjå
http://no.wikipedia.org/wiki/Stille_stunder_på_veien_hjem

Då eg hadde utvida artikkelen om H.E.Wisløff, fekk eg ei melding frå ein som hadde lese artikkelen. Han var glad for at eg hadde utvida det som han hadde starta på. Eg svara at eg lurte på å skrive om Stille stunder på veien hjem også, for boka har blitt seld i 130.000 eksemplarar. Då kom det ganske raskt ei melding tilbake. Han ba meg sjekke oppslagsordet for 20. april, og då eg hadde lese det, sa eg til han at eg trur eg må opprette artikkelen med det same. Så gjorde eg det.

Eg siterte litt frå andakten denne dagen, for bibelordet for i dag passar på wikipedia: **Den ene hjelper den andre og til sin bror sier han: Vær frimodig!**

Slik er det i radioen og. Den eine hjelper den andre. Det opplevde eg på ein spesiell måte onsdag. Då eg i totida gjekk innom kommunehuset, hadde eg ikkje særleg mykje stoff på blokka mi. Eg tenkte difor at eg ville sjå i postjournalen til kommunen om det var noko aktuelt der.

Jorunn Tveiten og dei andre på Velkomstsenteret er så hjelpsame, den eine hjelper den andre, og plutseleg så har eg idear å byggje vidare på.

Sist onsdag var rektor Astrid Knudsen i radioen og fortalde frå Hylestad skule. Ho skulle vore denne onsdagen, men det passa ikkje for henne då. Men då eg var på kommunehuset, møtte eg rådmann Arne Tronsen og spurde om han kunne kome. Eg fekk ja med ein gong, og i samtalen vår denne kvelden snakka han ein del om at kommunen har eit prinsipp om å vere open og gje rett til innsyn, også i brev som kommunen får, og at folk som skriv brev til kommunen må vere merksame på det.

Så gjekk eg i radioen og tok til å ringe til aktuelle folk som eg ville ha ein prat med i den aktuelle timen. Rektor Leif Kvinlog stiller alltid opp når han vert beden, og han kom og fortalde om Kjetil og Kjartan-showet som skulle vere onsdagskvelden og at dei to skulle ha eit program på Valle skule dagen etter. Før eg kom lenger, ringte Helge Homme og sa han gjerne ville snakke litt om basaren i påska, for no var breva med rekningar sendt ut til alle som hadde kjøpt lodd. Då hadde eg to innslag til den aktuelle timen.

Så tok eg ein telefon til Tom Egerhei, miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Vest-Agder. Han svara ja med det same til å snakke om Vannregion Sør-Vest. Endeleg fekk eg tak i fylkesskogmeisteren i Aust-Agder. Han var positiv til å fortelje om skogbruksplan for Setesdal.

Siste brikke i kabalen var spørsmål til Ørnulf Hasla om reportasjen frå brenninga av Valhall. Han svara at dei rakk ikkje å verte ferdige med den, men han kunne godt kome i studio og vere saman med meg i den timen frå 20 til 21 der vi prata om mange ting og bladde i avisa.

Når det eine hjelper den andre på wikipedia, kan vi lage ein god encyklopedi. Når den eine hjelper den andre i Valle Radio, kan vi lage ein god radio.

Takk til alle gode hjelparar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *