Ver og uver

Share

Når ein sit ein fin solskinsdag i Mandal, er det eit antiklimaks å sjå på TV korleis dei har det på fjellovergangane lenger nord i landet. Eg vonar alle som er på hyttene i Bykle og Valle har hatt ein fin dag i fjellet.

I kveld skulle ein høyre på Valle radio, men sidan eg har Ubuntu som operativsystem for datamaskinen min (det er eit gratis Linux-system) og Valle radio nyttar Windows Media Player, kan eg ikkje det. I staden kosar eg meg med Wikipedia.

I dag kom eg over ein prest som eg ikkje trur Theis ville ha bytt teneste med: http://no.wikipedia.org/wiki/Fredrik_Waldemar_Hvoslef
Fredrik Hvoslef var prest i Kautokeino under påskeopprøret for 155 år sidan, då handelsmannen vart drepen og presten piska.

Ikkje rart om han vart sjuk etterpå og måtte lyse messefall. Sidan kom han til Tromsø og vart etter kvart biskop der, men gjekk frå embetet for å verte prest i Lier. Sidan vart han biskop i Bergen.

Elles er påsken tid for familiekontakt. Vi har barnebarn på besøk og kosar oss saman med dei.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *