Jesperhus

Share

Jesperhus er ein blomepark på Mors i Danmark. Vi tok turen attende dit i dag etter å ha sove godt i Skive. http://www.jesperhus.dk

Å kome dit på denne tida av året er nok enklare enn sommarstid, for det var lett å finne parkering og kort kø for å kome inn. I år gjeld billetten som årskort, så har ein først kjøpt billett for ein dags visitt, kan ein kome inn seinare gratis.

Snart kunne vi gå og sjå på blomar i alle variantar. Tulipanar og narcissar var på hell, men fargestrålande likevel. Vi såg på korleis dei heldt på å plante ut nye blomar, små planter som skal vekse seg store og flotte i løpet av nokre veker. Blomeskulpturar hadde dei og, motivet for parken er ein sommarfugl, så det var blomesommarfugl-skulptur og ei rekke andre ting å la auga kvile på. Godt med plass for å kvile kroppen var det og, anten ein bare ville nyte synet av folk og blomar, eller ein ville ha is og kaffe til avslapping. Eit tog likt City-Train i Kristiansand tok folk med på ein rundtur i parken. Det var jo greitt for å skaffe seg oversyn.

Då vi kom var det turnande barn som synte seg fram for gjestene. De hoppa og spratt i rytmisk sportsgymnastikk så det var ein fryd å sjå.

Det som overraska meg mest, var nok alle dyra. Eg tenkte at her ville barnebarnet mitt, Håkon, likt å vore, for han elskar dyr. Surikattar og lemurar, ja visst, men skilpadder og slanger og firfisler og til og med eit par levande alligatorar var der. Ein person heldt foredrag om slangen og synte han fram, heldt han i armane medan han fortalde. Eg ville ikkje ha bytt plass med han, slangar er best bak glass.

Og så var det fuglar av alle slag i dei tropiske husa i parken. Det var interessant å sjå papegøyar og fuglar eg ikkje hadde høyrt om før. Geiter var det og, eit par jenter ville inn til dei, men då den eine geita tok til å ete på skjørtet til jenta, slo ho geita på mulen i staden for å klappe dyret, og så gjekk ho ut att.

Det var også mange aktivitetar for barn der: Elektrisk bil, båt, karusellar av ulike slag. Ein tur i parken var altså ikkje bare for dei vaksne, men minst like mykje for born. H.C. Andersens eventyrhage synte eventyrfigurar i blomar, der var både den lille havfrue og prinsessen på erten.

I parken var det ei rekke vassdrag, skapte av menneske, men vatn fascinerer alle og skapar eit godt klima, så det var flott å gå og sjå på rennande vatn i fleire fasongar. Inne i tropehuset låg ein plastkrokodille og når nokre kom nært nok, dei hoppa på steinar i eit vatnløp der, brølte den og kom setjande ut av hola. Borna sto på steinane med skrekkblanda fryd og vatnet spruta.

Turen gav mange idear til ein vakker hage, til korleis ein kan framheve blomar og bruke dei til å pynte med og skape vakre uterom. Den gav også grunnlag for ein artikkel på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jesperhus

Har du vore på Jesperhus? Skriv ein kommentar til dette innlegget!