Ingen folkehøgskule i år

Share

Det vert ikkje oppstart av folkehøgskule i Valle i år. Ei stund var signala gode på at ein kanskje kunne få til oppstart alt i 2007, men i sendinga onsdag 16. mai hadde Ørnulf Hasla ein prat med prosjektleiar Lene Dyrkorn som kunne fortelje at alle søkjarane hadde fått avslag om å kome i gang i år.

Lene, som nyleg fekk ungdommens kulturpris i heimekommunen Hobøl i Østfold for sitt engasjement og resultata ho har nådd innan trial-sporten, deppa ikkje så mykje om svaret på første søknaden var negativt. Ho fortalde at dei eigentleg ikkje hadde tekt å søkje om å få starte før i 2008, og ny søknad er alt sendt, det skjedde pr. 1. april, kunne ho fortelje.

Utfordringa no vert å halde engasjementet varmt. Målet er å få til ein folkehøgskule med 35 elevar fyrste året og så auke etter kvart. Skulen skal ha vekt på motorsport og ingen andre folkehøgskular har eit tilsvarande opplegg. Når ein veit kor mange som er interesserte i dette, burde det vere mogleg å rekruttere elevar til eit slikt opplegg.

Til Setesdølen tysdag fortalde Lene at ein måte å halde ideen varm på kunne vere å få til eit tilbod med trial som valfag for 10. klasse ved Valle skule. Men ein må og arbeide for å skaffe meir pengar til folkehøgskolebudsjettet i departementet, slik at det vert råd å starte opp ein ny skule. Ein grunn til at det ikkje gjekk i år, var at då ville det verte mindre pengar til dei som alt driv folkehøgskular. Lene meiner difor at ein må finne eit system med friske pengar når det startar ein ny skule. Det fekk dei ikkje til denne gongen, og det er jo til sjuande og sist eit politisk spørsmål. Difor heldt ho seg unna då Ørnulf utfordra henne på det politiske og sende det over til ordførar og andre politikarar, som nok må ta saken opp i dei rette kanalane om prosjektet skal lukkast.

Odd Dubland

Share

Odd Dubland er ein predikant som har gjeve ut fleire plater og skrive eit par bøker. Eg likar songane hans, i radioen har vi ei av platene der han og dottera Oddrun Helene syng. I går oppdaga eg at han har teke til å skrive på wikipedia, han og. Her er artikkelen om han: http://no.wikipedia.org/wiki/Odd_Dubland

Ein av dei artiklane han starta, var artikkelen Oppbyggelse, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Oppbyggelse Det er jo eit sentralt omgrep i kristen tenkning, og på wikipedia prøver vi å dekke det meste. Difor fekk eg ei utfordring om å gjere starten hans meir leksikalsk etter måten ein skriv på i wikipedia, og det gjorde eg.

I samband med det oppdaga eg at oppbyggelse i teologisk samanheng ikkje er ganske det same som vi gjerne tenkjer: At det skal vere godt og lærerikt å høyre på. I bibelsk språkbruk er det tale om det som byggjer kyrkja, med andre ord, det som får dei levande steinane i kyrkjebyggverket til å praktisere trua.

Det som jo gjorde dette litt spesielt på 17. mai, var at ein av tekstane for dagen var frå Salme 127.1-2, der det heiter at Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dette er også eit tema i fedrelandssalma Gud signe vårt dyre fedreland, kor det heiter Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja.

Då eg ville skrive om dette på bloggen i går, var systemet nede for vedlikehald. Det førte til at eg heller ikkje denne månaden får ein tekst for kvar dag. Eg får leve i håpet, det vonar eg at du og gjer.