Gratulasjon til Bjarne Tveiten

Share

I Setesdølen i går stod det at Bjarne Tveiten har fått Bykle kommune sin kulturpris under 17.-maifeiringa i år. Det var vel fortent for redaktøren av radioen vår. I og med at han er redaktør for Bykle radio, er han og redaktør for det som vert sendt frå Valle Radio. Det er Bykle Radio som har konsesjonen for å sende radio i Øvre Setesdal.

Bjarne har ein allsidig innsats for kulturlivet i Bykle gjennom arbeidet med radioen. Han fekk mykje positiv respons for boka Underet i Breive som kom til jol i fjor og som truleg alt er utseld i fyrste opplaget. Vi går og gleder oss til fleire bøker frå Bjarne sitt skrivebord. Om han tek for seg alle teikningane som Egil Torin Næsheim har laga på Hovden Fjellstoge, vert det 20 bøker. Han må truleg skrive meir enn ei kvart år framover og vil ha pensjonistlivet fullt av prosjekt i lang tid.

Her vil eg også peike på Bjarne Tveiten sitt store kulturarbeid som lærar i ungdomsskulen i Bykle. Der hadde han ansvaret for norskopplæringa for alle tre ungdomsskuleklassane i mange år. Eg hadde gleda av å vere sensor når vi hadde prøvemunnleg i norsk og let meg kvart år imponere over alt elevane hans kunne. Kunnskap så vel om språk som litteratur var formidla til elevane så stoffet sat til eksamen. Det syner at kultur ikkje bare er fritidssyssel, men målmedvite arbeid også i skulen for å formidle språk og litteratur så vel som andre fag. At han i tillegg finn tid til å vere bokmeldar i Fædrelandsvennen, syner noko av det same engasjementet.

Bjarne Tveiten har vore ei inspirasjonskjelde for meg i mitt radioarbeid. Eg saknar fredagskveldane med Bjarne på lufta, men tenkjer tilbake på kvelden i vinter saman med Theis i Valle Radio med glede. Bjarne ber med seg det beste frå kulturen i Bykle og formidlar det vidare på mange måtar.

Gratulasjon til Bjarne Tveiten!